FRAM justerer ferjetilbodet frå måndag 30. mars

I samband med koronasituasjonen er trafikken på ferjene i fylket sterkt redusert. På dei fleste sambanda har trafikken gått ned med rundt 60 prosent.  Foreløpig har fylkeskommunen bestemt at fire ferjer blir tatt ut av rute frå måndag 30. mars.

Skriv ut

Følgande samband blir råka:

  • Hareid – Sulesund: C-ferja blir foreløpig tatt ut
  • Magerholm – Sykkylven: B-ferja blir foreløpig tatt ut
  • Sølsnes – Åfarnes: B-ferja blir foreløpig tatt ut
  • Seivika – Tømmervåg: B-ferja blir foreløpig tatt ut
  • Edøya – Sandvika: planlagd B-ferje blir ikkje sett inn

Dette inneber at alle avgangane der desse ferjene er satt opp, blir innstilt.

–Fylkeskommunen er heilt avhengig av inntekter for å oppretthalde buss-, hurtigbåt- og fejetilbodet. I ein normal månad har vi om lag 65 millionar kronar i inntekter. Slik situasjonen er no, har vi eit inntektstap på meir enn 60 millionar kronar i månaden. Dette betyr at vi det kan bli nødvendig med ytterlegare tilpassingar av kollektivtilbodet i fylket, dersom  denne situasjonen varar, seier Jesper Wiig, seksjonsleiar drift i FRAM.

Kontakt