Framleis høge søkartal til yrkesfag
Delen av ungdommar som søker yrkesfag er framleis høg i Møre og Romsdal. Heile 58 prosent av søkarane har søkt om plass på yrkesfaglege utdanningsprogram, ein nedgang på berre eitt prosentpoeng frå skoleåret 2021-2022.
- I Møre og Romsdal har vi eit stort behov for yrkesfaglegkompetanse i åra som kjem, derfor er eit så høgt søkartal til yrkesfag kjærkommen, seier kompetansesjef Kariann D. Flovikholm.
Studiespesialiserande mest søkt
Då søknadsfristen gjekk ut 1. mars, og hadde 3553 ungdommar søkt om skoleplass på vg1. Det er 118 færre søkarar enn ved førre skoleår, som følge av at kullet med 10.-klassingar er mindre enn i fjor.
Studiespesialiserande er framleis det mest søkte utdanningsprogrammet, og har 966 søkarar. Dette er likevel ein nedgang på 8 prosent samanlikna med fjoråret.
Idrettsfag og naturbruk opplever ei stor auke i søkartala.
Idrettsfag har ein auke i søkartala på 16 prosent. Samla sett har dei studieførebuande utdanningsprogramma ein svak nedgang på 2 prosent.
Søkinga til vg1 naturbruk har ei markant auking, medan vi ser ein vesentleg nedgang i søkinga til både vg1 helse- og oppvekstfag og vg1 bygg- og anleggsteknikk.
Bygg- og anleggsteknikk har hatt gode søkartal dei siste åra, og det er ikkje overraskande at vi no ser ei justering.
Talet på søkarar til læreplass fortsetter å auke også i år.
1267 søkarar har læreplass på førsteønske i Møre og Romsdal i 2022.
Aukinga er størst i faga fiske og fangst, matrosfaget, skipsmotormekanikerfaget (tidl. Motormannfaget), kokkfaget og salsfaget, medan helsearbeiderfaget, industrimekaniker og yrkessjåførfaget har ein liten nedgang.