Frivillige får støtte til å feire dei frivillige

14 regionale lag og organisasjonar får 610.000 kr til å feire frivilligheita i Frivilligheita sitt år. Pengane skal blant anna gå til Den store vaffelfesten der ordførarar og kommunedirektørar skal steike vaflar.

Skriv ut

I forbindelse med Frivilligheitsåret 2022, har 14 søknadar frå fylkesorganisasjonar blitt innvilga og fått støtte til "Vår veke" i juni, til ei sju dagars markering av dei frivillige sitt arbeid i fylket.

- Interessa har vore heilt formidabel! Det blir aktivitetar over heile fylket, og vi trur ikkje at nokon vil unngå å få med seg at vi feirar dei frivillige sitt arbeid denne veka, seier seksjonsleiar i seksjon for folkehelse, idrett og friluftsliv, Rigmor Hustad Holen.

Inviterer til vaffelfest over heile fylket

Av dei 610.000 kr, vart 150.000 kr tildelt «Den store Vaffelfesten». Prosjektet er eit samarbeid mellom sju regionale organisasjonar, og under Vår veke skal dei stille opp 18 ulike plassar i fylket for å gi tilbake til dei som alltid stiller opp – frivilligheita sjølv. Dei ønsker mellom anna å engasjere kommunane og utfordre ordførarar og kommunedirektørar til å steike vaflar denne veka.   

- Prosjektet er imponerande, og vi er veldig glade for at så mange frivillige organisasjonar har gått saman i eit så stort samarbeidsprosjekt. Vi gler oss til å sjå resultatet, seier Hustad Holen.

Vår veke og resten av Frivilligheita sitt år skal bidra til å vise kva frivilligheita betyr for Noreg.

- Vi skal fjerne barrierar som enkelte kan ha for å delta i frivillig aktivitet, vi skal auke deltakinga, og vise fram frivillig sektor sin betydning i samfunnet. Vår veke har mange gode tiltak som treff desse måla, seier Hustad Holen.

Dette er prosjekta som får støtte:

SøkerSøknadTilskot 
Møre og Romsdal idrettskretsMarkering av Frivilligheitas år i idretten i Møre og Romsdal, søknad frå forskjellige idrettslag50.000
Sunnmøre friluftsrådFrivillig innsats i Sunnmøre friluftsråd50.000
Hageselskapet Møre og RomsdalSøknad, støtte til 6 lokallag som høyrer til Hageselskapet Møre og Romsdal i vår veke.50.000
Mental Helse Møre og RomsdalLokallaga markerer "Vår veke".25.000
DNT SunnmøreVår veke 23 - aktivitetar 20.000
Sunnmøre historielagLokalhistoriestafett - med folk under 50 om tida etter 1950    20.000
Pensjonistforbundet Møre og RomsdalFrivilligheit og livsglede i eldre år50.000
Friluftsrådet Nordmøre og RomsdalStikk UT SAMMEN med dei frivillige.50.000
NFF Nordmøre og RomsdalBerekraftig frivilligheit20.000
NMF Nordvest (Norges Musikkorps Forbund) søkjer om eit samarbeidsprosjekt mellom sju regionale leddVaffelfesten 2022 – Saman gir vi ein vaffel tilbake til dei frivillige i heile fylket150.000
Norges Jeger- og Fiskerforbund Møre og RomsdalRekrutteringsdagar NJFF25.000
Sunnmøre Frilynde UngdomssamlagUngdomsring  -   folkedans for ungdom i heile Møre og Romsdal40.000
Kirkens SOS Møre og RomsdalKirkens SOS Møre og Romsdal markerer Frivilligheitas år10.000
DNT RomsdalHyllest av frivilligheita som bidrar til å få fleire ut på tur i naturen50. 000

Snarvegar

Kontakt