Fuglset mannskor får fylkeskulturprisen 2020

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal har i dag  tildelt fylkeskultprisen 2020 til Fuglset mannskor i Molde.

Skriv ut

–Dei har spreidd mykje glede over fleire år og der koraktiviteten har falt i heile Noreg, har Fuglset mannskor prestert og satt tydelege spor. Dette vert lagt godt merke til og gjer koret til ein verdig vinnar av Fylkeskulturprisen 2020, seier leiar i kultur, næring- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter.

Fuglset mannskor starta opp i 1944, opphaveleg som eit lokalt kor, men har no songarar frå heile Molde og nabokommunane. Dei har om lag 40 songarar, der den eldste er 80 år og har vore med i koret i 50 år. Koret spreier glede i nærområdet og langt utover fylkesgrensa med ei rekke konsertar kvart år. Faste konsertar lokalt er den kjente Fuglsetkveld i Molde i februar og "Haustvind" i Elnesvågen med fulle hus og stor begeistring blant publikum. Koret er etterspurt og har ofte oppdrag på møter, kongressar, offentlege høgtidsdagar og jubileum.

–Mannskoret gjer ein god innsats lokalt og har også vist seg fram internasjonalt. I 2014 turnerte koret Midt-vesten i USA saman med dirigent Kyrre Bjørdal Sæther, mens i 2019 gjekk turen til Praha. Vi håpar dei held fram med å spreie glede til heile befolkninga, avsluttar Marit Nerås Krogsæter.

Kriteria for prisen:

Prisen kan gå til ein person, gruppe av personar, lag eller organisasjonar som:

  • høyrer heime i fylket
  • har sterk tilknyting til fylket
  • viser evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege
  • har talent, viser kreativitet og evne til nyskaping

Prisen skal vere til inspirasjon for aktørar som står sentralt i arbeidet med å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket.

Prisen er på 50 000 kroner, og ein diplom. Prisen er tenkt delt ut på fylkestinget i desember dersom smittesituasjonen tillet det.

Kontakt