Full fart for dei frivillige mot ‘Frivillighetens år 2022’

Samtidig som samfunnet opnar opp at etter ein lang og krevjande periode for kulturlivet, inviterte fylkeskommunen til Frivillig Forum i Ålesund - med strategiarbeid og planlegging av «Frivillighetens år 2022».

Skriv ut

På samlinga 4. og 5. oktober kom Frivillighet Norge, kommunar, frivillige lag og organisasjonar med innspel på ny fylkesstrategi for kultur, frivillig sektor og arenaer.

-  Det har kome mange gode høyringsinnspel frå organisasjonane og kommunane i fylket. Saman skal vi skape best mogleg samarbeid, slik at Møre og Romsdal skal verte eit godt fylke å bu i for alle, og slik at frivilligheita skal få utvikle seg på sine premiss. Saman med innspela frå samlinga i Ålesund vil vi ha eit godt utgangspunkt for arbeidet framover, seier leiar i kultur,- nærings,- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter, som opna samlinga.

I tillegg til strategien, handla samlinga om «Frivillighetens år 2022», som skal bli ein stor fest for frivilligheita og markerast i heile Noreg. I samarbeid med frivilligheita og kommunane vil det bli ei rekke tiltak og markeringar.

På samlinga deltok også Frivillighet Norge, som fylkeskommunen har ein intensjonsavtale med for å skape best mogleg vilkår for frivillig sektor i fylket. I år sette dei mellom anna søkelyset på korleis det frivillige arbeidet kjem i gang igjen etter pandemien.

 FrivilligFORUM har blitt arrangert årleg i fleire år, og er ein arena kor fylkeskommunen inviterer til dialog og kunnskapsdeling for kommunar og frivillig sektor.

Snarvegar

Kontakt