Fv. 60 Sykkylven: No blir det opna for trafikk gjennom rundkøyringa
Lørdag 6. mai opnast det for trafikk gjennom alle fire armane på den nye rundkøyringa i krysset mellom Fv. 60 og Dalevegen i Sykkylven. Ny rundkøyring betrar trafikktryggleiken i området.
Alle fire vegane i rundkøyringa blir opna for trafikk sjølv om det gjenstår noko arbeid med asfaltering og fullføring av vegdekke. Fristen for ferdigstilling er 1. juni, og alt skal vere fullført innan då.
- Både den nye rundkøyringa og gangvegar i nærleiken er eit trafikktryggingstiltak som gir sikrare ferdsel både for mjuke trafikantar og anna trafikk, seier byggeleiar Kristian Bjørdal i Møre og Romsdal fylkeskommune.
- Det har kome opp nye, påkjørselssikre lysmaster med LED-belysning som har betra lysforholda på vegane i området.
Tryggare kryssing ved skulane
Som ein del av prosjektet skal kryssinga av Dalevegen ved Aure skule også bli tryggare. Sikten blir betre ved at fotgjengarovergangen blir flytta litt og får betre lys.
I tida framover vil det òg bli arbeida med gangfeltet i Dalevegen og belysningsanlegget for prosjektet. Tilstelling og beplantning vil skje til våren slik at heile området får ei betydeleg oppgradering.