Fylkeskommunen får eigen vegadministrasjon

1. januar tek Møre og Romsdal fylkeskommune sjølv over ansvaret for drift, vedlikehald og forvaltning av 3240 kilometer fylkesvegar frå Statens vegvesen.

Skriv ut

- Trafikantane skal ikkje merke noko til endringa. Vegane blir brøyta, strødd og drifta etter same krava og med dei same entreprenørane som tidlegare. Prosjekta som er i gang blir vidareført. Det skal vere trygt å vere trafikant også i 2020, seier fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Regionreform gir endringar

Bakgrunnen for endringa er regionreforma og Stortinget sitt vedtak om desentralisering av oppgåver til dei nye regionane. Den seier at administrasjonen som har ansvaret for ei oppgåve også skal ha fagmiljø for å gjennomføre oppgåva. Statens vegvesen har tidlegare vore vegadministrasjon for alle fylkeskommunane. No skal fylkeskommunane ha eigen vegadministrasjon. 

Vegsektoren blir med dette sett i ein tettare samanheng med den regionale utviklinga som fylkeskommunen arbeider for. Vi ønsker ein vegadministrasjon som er tett på dei vi er der for, trafikantane, næringslivet, kommunane. Fylkesvegane er viktige for alle, seier Tønnesen.

Sterkt fagmiljø

Dei fleste av dei 133 tilsette er på plass til å ta fatt på oppgåva frå 1.januar. Dette spenner frå formelle forvaltningsoppgåver, drift, vedlikehald og bygging av alt frå ein busshaldeplass til Nordøyvegen. 
- Vi har fått med oss mange tilsette med erfaring frå Vegvesenet, og vi er i ferd med å få inn fleire nye kollegaer. Vi blir eit noko mindre fagmiljø en før, men samstundes eit sterkt eit som skal bygge, ta vare på og utvikle fylkesvegane i framtida, seier Tønnesen.

Stor mengde saker

Nokre utfordringar forventar likevel fylkesvegsjefen på starten av året.
- Mange tusen saker om fylkesveg blir behandla kvart år, mange skal overførast til oss frå Statens vegvesen. I ein periode er det naturleg å vente at det vil kunne gi lengre saksbehandlingstid. Det har vi også varsla kommunar og samarbeidspartar om. Men vi skal gjere det vi kan for at ventetida ikkje blir lengre enn nødvendig, seier han.

Kvar skal trafikantane varsle?

Vegtrafikksentralen skal også i framtida vere beredskapen heile døgnet både for fylkesvegar, riksvegar og europavegar. Om trafikantar ønsker å varsle om feil eller farlege situasjonar på vegnettet, er det Vegtrafikksentralen som skal varslast på tlf. 175, som før.

Er vegen open?

Trafikantane skal få informasjonen dei treng om vegane frå Vegtrafikksentralen også i framtida. Vegmeldingane er alltid oppdatert på www.175.no

Kontakt