Fylkeskommunen gir Miljøprisen til Ulrik Sandøy Sørensen (10 år)

-Ulrik er eit symbol på det engasjementet vi opplever at barn og unge har for klima og miljø. Vi ønskjer å sende ein spesiell takk tilbake til han og til den oppvoksande generasjonen, seier leiaren av kultur-, nærings- og folkehelseutvalet, Marit Nerås Krogsæter. 

Skriv ut

Utvalet gjorde samrøystes vedtak i dag. Det var mange sterke kandidatar på blokka, men fylkespolitikarane beit seg spesielt merke til den unge kandidaten frå Nordmøre. Ulrik har samla plast langs sjøen i mange år og sparar pengar til å kunne reise ut i verda og rydde plast og redde skilpadder. 
-Han er veldig dedikert til saka, seier ein glad og rørt pappa Ronny Sørensen. 
Prisen består av eit kunstverk av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15 000 kroner. Prisutdelinga skjer på fylkestinget måndag 9. desember kl. 13.00 på Scandic Hotel Alexandra. 

Om miljøprisen

Møre og Romsdal fylkeskommune deler kvart år ut ein miljøpris. Prisen skal gå til nokon som i løpet av året har gjort eit særleg veridfullt arbeid på områda biomangfald, berekraftig utvikling, klima, forureining og alternativ og fornybar energi.
Desse har fått miljøprisen tidlegare:
•    2018: Sødahlhuset AS
•    2017: Plastfritt Giske
•    2016: Smøla Klekkeri og Settefisk AS
•    2015: Stranda Prolog AS
•    2014: Naturvernforbundet
•    2013: Standal knuseverk AS
•    2012: Alv Ottar Folkestad
•    2011: Norsøk
•    2010: Olav Bye
•    2009: Runde miljøsenter

Kontakt