Fylkeskommunen har fått over 2 millionar til kulturarvprosjekt i Romania
- Sjølv om Transylvania har andre formar for kulturminne enn oss, som slott og borger, har vi mykje å bidra med inn i EØS-prosjektet, og mykje å lære, seier arkeolog Kristoffer Dahle.
Fylkeskommunen er samarbeidspart i det fireårige prosjektet «The capital of Dacia – a living museum of European Cultural Heritage» - som har fått midlar gjennom EØS-programmet RO-CULTURA. Den totale prosjektramma er på over 20 millionar. Fylkeskommunen skal bidra med kunnskap og kompetanse i prosjekt om restaurering, verdiskaping og digital formidling av kulturarven.
Prosjektet omfattar blant anna restaurering, skjøtsel og tilrettelegging av historiske monument, museumsutvikling, ulike former for digital dokumentasjon og formidling, og lokal verdiskaping med utgangspunkt i kulturarven.
-Prosjektet har mange likskapar med vårt eige utviklingsprosjekt – Ein Bit av Historia – og vi vil nok også kunne involvere fleire av våre samarbeidspartar der, seier kulturdirektør Heidi-iren Wedlog Olsen.
Digital kulturarv
-Transylvania har ein del andre formar for kulturminne enn oss, særleg i form av borger og slott som står på verdsarvlista. Vi kjenner jo alle til Dracula som er basert på ein historisk skikkelse i dette området. Men prinsippa for restaurering- og formidlingsarbeidet, moglegheitene og utfordringane, er mykje dei same, seier arkeolog Kristoffer Dahle. -Med regionreforma har vi også fått ansvar for forvaltninga av middelalderruinar.
- Vi har allereie møtte samarbeidpartane våre i Cluj i 2018, og vi er sikre på at vi vil ha god nytte av det vi lærer i prosjektet, særleg om digital formidling av kulturminne seier Arve Nytun. Han leier eit prosjekt som jobbar for digital gjenskaping av mellomalderstadar i Møre og Romsdal, mellom anna på Veøya.
-Sjølv om slike EØS-prosjekt i utgangspunktet er meint for å bidra til sosial og økonomisk utjamning i Europa, har vi nok fagleg sett like mykje utbytte av samarbeidet sjølv, avsluttar Dahle.
Samarbeidspartnarane i Romania er den regionale administrasjonen i Hunedoara, lengst sør i Transylvania, Mihai Eminescu-stiftinga og ulike teknologiske og kulturhistoriske universitetsmiljø i Cluj-Napoca.