Fylkeskommunen har tilsett fylkesvegsjef og kollektivsjef

Ole Jan Tønnesen er tilsett som fylkesvegsjef og Stig Helle-Tautra går inn i stillinga som kollektivsjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.  Dei nyoppretta stillingane er ein del av den nye organiseringa av samferdselsområdet, etter oppgåveoverføringa frå Statens vegvesen. 

Skriv ut

Arild Fuglseth held fram som samferdselssjef og Magne Arild Vinje som assisterande samferdselssjef.

– Som ein del av regionreformen får fylkeskommunen overført nye oppgåver som tilsvarar 130 stillingar frå Statens vegvesen. Det er derfor viktig at vi får leiarkabalen på plass så fort som mogleg. Det blir ein stor jobb med å gjere alt klart til å overta medarbeidarar og oppgåver innan 01. januar 2020, seier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik. 

Tønnesen blir fylkesvegsjef

Ole Jan Tønnesen tiltrer i stillinga som fylkesvegsjef 29.juli 2019. Han kjem frå stillinga som avdelingsdirektør i Statens vegvesen, ein jobb han har hatt sidan 2015. Tønnesen har vore tilsett i vegvesenet sidan 2007.

Helle-Tautra blir kollektivsjef

Stig Helle-Tautra er tilsett som kollektivsjef. Helle-Tautra er i dag tilsett som seksjonsleiar for drift kollektivtransport i fylkeskommunen. Han har vore tilsett i fylkeskommunen sidan 2011. 

Fuglseth fortsett som samferdselssjef

Med dei nye oppgåvene vil samferdselsområdet ha vel 180 tilsette fordelt på ei vegavdeling og ei kollektivavdeling. Arild Fuglseth held fram som samferdselsjef med Tønnessen og Helle-Tautra som leiar for kvar si avdeling. Som øvste administrative leiar for samferdselsområdet vil Fuglseth ha det overordna strategiske og økonomiske ansvaret, og sørge for samordningseffektar mellom kollektiv og vegområdet.