Fylkeskommunen ønsker fleire tilsette til den nye vegavdelinga

–Fylkeskommunen får ei stor oppgåve med å ta over arbeidet med fylkesvegane frå Statens vegvesen frå 1. januar 2020. Av det samla riks- og fylkesvegnettet utgjer fylkesvegane over 85 prosent. Vi ser fram til at den nye organisasjonen skal vere oppe og gå, seier Ole Jan Tønnesen, leiar for den nye vegavdelinga i fylkeskommunen.

Skriv ut

Det er om lag 130 medarbeidarar som skal på plass, når fylkeskommunen tar over vegoppgåvene frå Statens vegvesen. Om lag 100 er på plass etter overføringar og tilsettingar frå Statens vegvesen.

Treng 28 nye medarbeidarar

 – Vi er fornøgd med at så mange har takka ja til å komme til fylkeskommunen. No søker vi etter dei siste, om lag tretti, som trengs for å løyse alle oppgåvene som ligg til den nye vegadministrasjonen, seier Tønnesen. Han fortel vidare at det er mange interessante oppgåver som er ledige. –Vi treng deg som har kompetanse innan forvaltningsoppgåver, vegplanlegging, prosjektering, utbygging, drift og vedlikehald av veg, samt fleire fagområde som geodata og HMS, seier han.

Fylkeskommunen blir stor på veg

Ole Jan Tønnesen var sjølv tilsett som avdelingsdirektør i Statens vegvesen, med Møre og Romsdal som ansvar. Han er no tilsett som fylkesvegsjef i fylkeskommunen.

Fylkeskommunen skal no eige, halde og utvikle 3240 kilometer fylkesveg, inkludert gang- og sykkelvegar. Fylkesvegane knyt saman bustad, arbeid og skole i heile fylket, samstundes er fylkesvegnettet ein nerve for næringslivet. Fylkeskommunen vil frå nyåret bli ein langt sterkare aktør innanfor samferdselsområdet. Det vil vere prosjekt over heile fylket, men hovudlokasjonanene for tilsette vil vere i Molde og Ålesund.

Får eit solid fagmiljø

–Arbeidet vårt er å følgje opp heile fylket, vi skal byggje vidare på gode erfaringar frå Statens vegvesen, der  vi er vande med å ha god kontroll på vegnettet, seier Tønnesen. Ha fortel vidare at dette vil dei vidareføre i den nye organisasjonen, ved hjelp av eit solid fagmiljø.

–Over 130 medarbeidarar er eit betydeleg fagmiljø, det blir langt mindre enn tidlegare, men i samarbeid med andre er eg trygg på at vi klarer å etablere ein utviklingsretta og smidig organisasjon, avsluttar han.

Her kan du lese meir om og søke på stillingane som er utlyst

Kontakt