Fylkeskommunen og Sparebanken Møre gir 2,5 millionar kroner i støtte til Skaparhuset i Ulstein

Kultur, nærings- og folkehelseutvalet løyvde i dag 1,5 millionar kroner til Skaparhuset, Sparebanken Møre plussar på ein million.

Skriv ut

- Skaparhuset vil bli ein ny og spennande arena for læring på tvers av næringsliv, kommunar, utdanningsmiljø og elevar og studentar, seier utvalsleiar Marit Nerås Krogsæter.

Hus for læring og innovasjon

I dette huset skal næringslivet, kommunane, utdanningsmiljø, elevar og studentar møte på like vilkår for å lære av kvarandre, som eit grunnlag for innovasjon og omstilling.

- Dette blir utruleg spennande, seier prosjektleiar Kjersti Kleven i NCE iKuben. NCE iKuben var initiativtakar i lag med Ulstein kommune og Kleven har leia  forprosjektet som har utgreia grunnlaget for Skaparhuset.

- Vi skal skape ein verkstad for læring og innovasjon med aktivitet både seint og tidleg. Her skal ein kunne lære av kvarandre, teste nye løysingar, prøve og feile, anten ein er ingeniør frå ei bedrift, elev, helsearbeidar frå ein kommune eller deltakar i Kodeklubben. Ein slik felles arena utan sektorgrenser, har vi ikkje funne nokon annan stad, seier Kleven.

Med seg på laget har ho klyngemiljøet i ÅKP, ProtoMore innovasjonslab, Høgskulen i Volda, Mafoss, nystarta Ulstein næringsforum, i tillegg til Ulstein kommune og Ulstein vidaregåande skule. Dermed er dette ei satsing som vil gi læring og ringverknader for heile fylket.

Stort behov for omstilling

I saka som vart behandla av Kultur, næring- og folkehelseutvalet vert det trekt fram at det er eit stort behov for omstilling og innovasjon, i både kommunar, næringsliv og i utdanningssektoren. Næringslivet er midt inne i ei stor omstilling, der bedriftene på kort tid har måtta finne nye marknader. Nye kundar, andre verdikjeder og endra logistikk, gjer at dette er ei krevjande tid for bedriftene.

For å kunne levere kommunale tenester med rett kvalitet og omfang, under strenge økonomiske rammer, vil kommunane også ha behov for omstilling og innovasjon. Særleg vil den kraftige auken i talet på eldre utfordre kommunane sin tenesteproduksjon framover.

Utfordringa til utdanningssektoren blir å levere relevant kompetanse til arbeidslivet. Det blir heilt sentralt å ha tett kontakt med arbeidslivet for å utvikle utdanningstilbod.

- Det er også veldig viktig å ta vare på den skaparkrafta som kjenneteiknar regionen. Derfor kallar vi det for Skaparhuset – ein arena for læringslivet, seier Kjersti Kleven.

Viktig støtte frå Sparebanken Møre

Sparebanken Møre blir ein partnar i samarbeidet, og har gått inn med ein million kroner til prosjektet.

- Vi ønsker å bidra til skaparglede i regionen, og då vi fekk presentert idéane til ein skaparverkstad, var vi raskt einige i at dette må vi berre vere med på, fortel Hege Karete Hamre, Banksjef Næringsliv på Søre Sunnmøre.

- Samhandling mellom skule og næringsliv vil vere svært viktig framover med tanke på nyskaping og vekst. Elevane må få tidleg kjennskap til dei mogelegheitene som ligg i her i regionen slik at dei sjølve kan kople det saman med eigne interesser og ferdigheiter og vere med på å skape si eiga framtid. Samtidig vil det etablerte næringslivet ha behov for å være tett på dei unge for å halde seg oppdatert og lære av dei igjen. Dette er vinn-vinn for alle partar, seier Hamre.

Kontaktpersonar:

Marit Nerås Krogsæter, leiar Kultur, nærings- og folkehelseutvalet, tlf: 918 32 844
Bergljot Landstad, regional- og næringssjef Møre og Romsdal fylkeskommune, tlf. 900 89 213
Kjersti Kleven, prosjektleiar i NCE iKuben, tlf: 918 47 092
Hege Karete Hamre, Banksjef Næringsliv Søre Sunnmøre, tlf: 416 28 339