Fylkeskommunen støttar fjordportalen i Volda

Volda kommune vil ha meir aktivitet i sentrum og får pengar frå fylkeskommunen til å bygge ein fjordportal med fyrlykt ute på moloen.

Skriv ut

Fjordportalen er ein del av kommunens langsiktige plan med gjere sentrum meir attraktivt. Sjøfronten og hamna er peikt ut som viktige område. Fjordportalen (teikna av Nordplan) skal ha ein utsiktpir, sittebenkar og levegg. Kommunen har også fått ei fyrlykt frå Dalsfjord fyrmuseum, og lykta skal plasserast på sokkel helt ute på moloen, saman med informasjon om fyrvesenet og fyrmuseet.

Prosjektet vil ha ein kostnad på 1,65 mill. kroner, og fylkeskommunen støttar prosjektet med inntil 550 000 kroner. Volda kommune og Volda næringsforum går inn med like store beløp.

- Samarbeid mellom fleire aktørar som kommune, næringsliv og fylkeskommune er svært viktig for å lykkast med stadutvikling, og vi har tru på at dette tiltaket vil gjere Volda sentrum meir tilgjengeleg for innbyggjarane våre, seier leiar i kultur-, næring og folkehelseutvalet, Marit Nerås Krogsæter.

Utvalet behandla saka tysdag 20. oktober.

Kontakt