Fylkeskommunen styrkar europeisk samarbeid på hydrogen

Møre og Romsdal fylkeskommune har blitt medlem i S3 Hydrogen Valleys, ein europeisk partnarskap for regionar som skal etablere konkrete samarbeidsprosjekt som også kan kome næringslivet til gode. Målet er å fremme forsking og innovasjon på hydrogenteknologi, og å etablere verdikjeder for hydrogen.

Skriv ut

-Internasjonalt samarbeid er viktig for utvikling av hydrogenøkonomi. Deltaking i S3 Hydrogen Valleys vil kunne bidra til å framskynde produksjon og bruk av hydrogen i vår region. Det vil også skape nye moglegheiter for bedrifter i Møre og Romsdal, seier næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune Hilde Aspås.

S3 Hydrogen Valleys består av om lag 40 europeiske regionar, og frå Noreg er også Vestland og Nordland med, i tillegg til Møre og Romsdal. Dei de fire regionane Aragon (Spania), Normandie, Auvergne Rhône Alpes (Frankrike) og Northern Netherlands (Nederland) koordinerer arbeidet. Arbeidsgruppene er delt inn etter tema, blant anna maritim sektor og tungtransport.

EU satsar på hydrogen

Hausten 2020 vart fylkeskommunen også med i European Clean Hydrogen Alliance, som vart oppretta i forbindelse med lanseringa av EUs hydrogenstrategi. Alliansen samlar aktørar frå heile verdikjeda, inkludert investorar, industriaktørar, forskingsaktørar, og nasjonale og europeiske styresmakter, for å finansiere storskala hydrogenprosjekt. EU ønskjer at alliansen skal bidra til at Europa blir mindre avhengig av råmateriale og teknologi utanfor EU.

-S3 Hydrogen Valleys og Hydrogen Alliance vil til saman, og på kvar sin måte, bidra positivt til hydrogenarbeidet i Møre og Romsdal, seier Aspås.

 

Kontakt