Fylkesplansjef Ole Helge Haugen i ny rolle

Sist veke vart Møre og Romsdal første norske fylkeskommune i FN sitt berekraftprogram U4SSC. Fylkesplansjef Ole Helge Haugen skal leie dette arbeidet for fylkeskommunen, og frå 1. november fram til utgangen av 2020, går han over i ei stilling som spesialrådgivar for fylkesrådmannen.

Skriv ut

-Vi ser at berekraft - og meir konkret FN sine berekraftmål - blir stadig meir sentrale i politikken. Som regional samfunnsutviklar er vår oppgåve å legge til rette for at fylkeskommunen og kommunane skal kunne levere på dette området, seier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik. - At fleire av våre byar og fylkeskommunen, er på veg inn i FN sitt berekraftprogram gir oss eit godt utgangspunkt men og nokre utfordringar. Dette krev at vi må sette eigne ressursar på dette arbeidet, seier Guttelvik vidare.

Berekraftmål som grunnlag i samfunns- og arealplanlegging

Regjeringa har bestemt at FN sine berekraftmål skal vere det politiske hovudsporet for å ta tak i våre største utfordringar. Derfor er det no krav om at berekraftmåla blir ein del av grunnlaget for samfunns- og arealplanlegginga. Satsinga Haugen skal leie for fylkeskommunen tek sikte på å bidra til at fylkeskommunen og kommunane i Møre og Romsdal kan levere på dette.

-Dette er eit spennande og viktig utviklingsarbeid som eg gler meg til å ta fatt på. Med FN sitt berekraftprogram får vi utvikle metodikk og verktøy for god og heilskapleg samfunns- og arealplanlegging. Vi startar no i første omgong med byane, og tek sikte på å inkludere alle kommunane etterkvart, seier Haugen. 

I tillegg til å leie berekraftprogrammet skal Haugen ha ansvar for fleire prosjekt og satsingar i fylkeskommunen, m.a. Campus Kristiansund og Møre og Romsdal 2025. Assisterande fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm blir konstituert fylkesplansjef i denne perioden. 

- Med den erfaringa Ole Helge Haugen har innanfor samfunns- og arealplanlegging er vi glade for at han vil leie dette arbeidet, seier Guttelvik.

Kontakt