Fylkespolitikarane er uroa over underfinansieringa av ferjedrifta

Ein delegasjon frå Møre og Romsdal fylkeskommune deltok tysdag 22. oktober på to budsjetthøyringar på Stortinget, i samband med regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2020.

Skriv ut

Hovudbodskapen frå delegasjonen, var staten si underfinansiering av samferdselssektoren, og då spesielt ferjedrifta.

-Den statlege finansieringa av fylkeskommunale ferjer er på langt nær nok til å dekke faktiske kostnader. I Møre og Romsdal er ordinær ferjedrift underfinansiert med over 150 millionar i året. Det er alvorleg, seier leiar i samferdselsutvalet Kristin Marie Sørheim.

-Fylkeskommunane har ei viktig rolle i å bidra til å nå FN sine klimamål, og kan bidra med store klimagasskutt i transportsektoren. Men fylkeskommunane treng statleg drahjelp. Eksempelvis bidrar staten berre med ein knapp tredjedel på investeringssida for å klargjere ferjekaiene for nullutsleppsferjer. Dette er for dårleg seier fylkesvaraordfører Per Vidar Kjølmoen.

Fylkesordførar Tove-Lise Torve viser til at Møre og Romsdal fylkeskommune står ovanfor svært krevjande økonomiske prioriteringar. 

-Grunna underfinansiering av den ordinære ferjedrifta og kostandane med å gå over til null- og lågutsleppsferger, må fylkeskommunen kutte på andre område som vidaregåande opplæring, vegvedlikehald og ferjetilbod, seier Torve.

Delegasjonen frå Møre og Romsdal fylkeskommune meiner det er heilt nødvendig at regjering og storting sørger for betre samsvar mellom finansiering og faktiske kostnader for fylkeskommunale ferjer. Dette gjeld også overgangen til nullutslepp, som Stortinget har vedtatt skal bli gjennomført.

Kontakt