Fylkespolitikarane løyver 2 millionar kroner til smartare planlegging av kommunale tenester

Ålesund kommune får støtte frå fylkeskommunen til eit prosjekt der målet er å samle inn store mengder data og utvikle simuleringsmodellar for meir effektiv og framtidsretta kommunal planlegging og drift.

Skriv ut

Prosjektet skal gjennomførast i samarbeid med Kristiansund kommune, Molde kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. Næringslivet og forskingsmiljø vil også bli involvert. Kostnadsramma er på 4,2 mill. kroner, og prosjektet skal gå over 1,5 år.

-Alt ligg til rette for at Møre og Romsdal kan ta ein posisjon både nasjonalt og internasjonalt i bruk av data og visualisering i kommunal planlegging. Innovasjons- og kunnskapsmiljøa ved campus i Ålesund og Molde ligg i front på dette feltet. Og koplar vi på kommunane sin plankompetanse, kan dette gi effekt for heile fylket., seier Runar Vestheim, leiar for regional- og næringutvalet.

Saka vart politisk behandla tysdag 3. september. Her kan du lese saksframlegget.

Nokre eksempel på kva visualisering av store datamengder kan brukast til:

  • Prognosar og sanntidsbilete av biltrafikken som grunnlag for å dimensjonere kollektivtilbodet, vegprising, osv.
  • Utforming av digitale tvillingar av byen som visualiserer og skaper betre forståing av dynamikken i byutviklinga knytt til ulike parametrar
  • Dimensjonering av straumforbruket etter prisvariasjonar i marknaden og behov
  • Optimalisere bygging og tilpassingar i kommunal bygg

Nytt i Noreg

-Å samle inn og bruke store datasett tilpassa kommunen sitt behov er ein ny måte å drive kommunal planlegging på. Det vil bidra til å forenkle og forbetre kommunal planlegging, og bidra til nye kunnskaps- og forretningsområde, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad.

Landstad viser også til fylkeskommunen sitt prosjekt «Smartare transport» der ein skal utvikle system for autonome passasjerbåtar i Ålesund og Kristiansund.

-Løpande tilgang på store datamengder frå ulike kjelder er ein føresetnad for å lykkast med til dømes autonome fartøy.

Kontakt