Fylkespolitikarane støttar innovasjonsarenaen på Campus Kristiansund med inntil 1,27 mill. kroner

Pengane skal gå til å utvikle innovasjonsarenaen slik at både gründarar, bedrifter og aktørar innafor offentleg tenesteproduksjon har tilgang til verktøy og metodikk. Vindel er prosjektleiar.

Skriv ut

-Både kommunar og bedrifter står overfor store utfordringar. Den teknologiske utviklinga skjer raskt, og for å henge med i svingane er det avgjerande med tilgang til møteplassar, eigna metodar og gode verktøy. Campus Kristiansund og innovasjonsarenaen svarar på fleire av desse behova, seier nestleiar for kultur, næring og folkehelseutvalet, Joakim Skaar. 

Målet med forprosjektet er å kome fram til eit anbefalt konsept som skildrar arealbehov, fasilitetar, tenestetilbod og innhald. Forretningsplan, investeringsbehov og samarbeidsavtalar skal også på plass.

Arkitektskisse byggetrinn

Innovasjonsarenaen er tenkt å ligge i andre etasje. Illustrasjon: PIR II Arkitekter.

Testing av tenestetilbod

Aktivitetane i forprosjektet er delt inn i fire arbeidspakker. Den største arbeidspakka består av å teste tilbodet på ulike målgrupper saman med partnarane. Eksempel på dette er stordata-prosjekt for innbyggarane og kurs i datakoding, test av algelab, test av digital delingsportal for internhandel eller test av mekanisk innovasjonsverkstad. Innovasjonscamp med studentar og test av digitale talent innafor kultur- og kreativ næring står også på lista. Prosjektet har ei kostnadsramme på 2,54 mill. kroner.
 
Kultur, næring og folkehelseutvalet behandla saka i møte 1. desember. 
 

Kontakt