Fylkesstatistikk 2020: Møre og Romsdal auka med 268 innbyggarar i 2019

Fylkesstatistikken for 2020 er klar: Nokre av dei viktigaste utviklingstrekka er nedgang i innvandringa, svak vekst i sysselsette, Møre og Romsdal held stand som nest største eksportfylke, fleire fullførar vidaregåande opplæring og fleire kvinner enn menn blant sysselsette med lang høgare utdanning. 

Skriv ut

Statistikken som nyleg vart publisert viser at folketalet i Møre og Romsdal auka med 268 personar frå 2019 til 2020.

- Svakare vekst i innvandringa og lågt fødselsoverskot er viktige årsaker til den svake folketalsveksten. Korleis innvandringa utviklar seg i åra som kjem vil ha mykje å seie for befolkningsutviklinga i fylket. Vi ser også at dei med innvandrarbakgrunn utgjer 64 prosent av det innanlandske flyttetapet i Møre og Romsdal i 2019, seier Ingunn Bekken Sjåholm, fylkesplansjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Framtidsverktøy

Kvart år blir tal og fakta i statistikk gitt ut frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Fylkesstatistikken er meint som eit kunnskapsgrunnlag for politikarar, kommunar og andre samfunnsaktørar i fylket, som eit verktøy til å planlegge framtida.

- No viser mellom anna befolkningsframskrivingane at mange kommunar i fylket vil få endringar i folkesamansettinga i åra som kjem. Det blir ei lågare vekstrate framover, både i fylket og nasjonalt. Talet på barn og unge går ned medan talet på eldre aukar. Dette vil på sikt føre til endringar i mange kommunar sin tenesteproduksjon, seier Sjåholm.

Bygg i strandsona

Folketalsutvikling, sysselsetting og flytting er viktige tema som er med i Fylkesstatistikk kvart år, noko som gir lesarar moglegheit til å følge utviklinga over tid. Nye tema i årets utgåve er mellom anna spesialundervisning i grunnskulen, kommunale bustadar, bygg i strandsona og attval til kommunestyre og fylkesting.

- 2020 er eit spesielt år å lage statistikk, vi har gått frå 35 til 26 kommunar i fylket, og frå 18 til 11 fylke i landet. I tillegg er vi i år ramma av ein global pandemi som gir fylket nye økonomiske og sosiale utfordringar. Både nye inndelingar og pandemien gjer at tidslinjene kan få eit brot, og gjere samanlikningar bakover i tid meir komplisert, seier Sjåholm.

Snarvegar

Kontakt