Fylkesstatistikken 2019: Sysselsettinga aukar i Møre og Romsdal

Medan folkeveksten har sakka av og fødselstala er historisk låge, opplever halvparten av kommunane at fleire er i arbeid.

Skriv ut

Tysdag vart årets utgåve av Fylkesstatistikk presentert på fylkestinget i Geiranger, av fylkesplansjef Ole Helge Haugen. Han kunne mellom anna vise til ein positiv trend i sysselsettinga.

- Halvparten av kommunane i fylket hadde vekst i sysselsettinga frå 2017 til 2018, og den samla veksten var på 2 185 sysselsette eller 1,7 prosent. Det er lågare enn landsgjennomsnittet på 2,1 prosent, men er likevel den sterkaste veksten til fylket sidan 2007, påpeiker Haugen.

Særleg Ålesund, Molde og Haram har hatt ei god utvikling, med ei vekst på høvevis 657, 445 og 216 sysselsette i kommunen.

Fylkesstatistikken viser også kva næringar som sysselsett flest i kvar kommune.

Eit anna lyspunkt er at færre kvinner jobbar deltid. Og 2019 blir truleg året der det blir sysselsett fleire kvinner enn menn med lang høgare utdanning i fylket.

Svak folkevekst

Fleire i arbeid er ei positiv motvekt til folkeveksten og fødselstala, som er historisk låge.

- Med unntak av Ålesund og nabokommunane og Molde, er folkeveksten svak.

I perioden 2009-2019 var folketalsveksten på 7,6 %, noko som plasserte oss på 11. plass av fylka i landet.

Nedgang på fire milliardar innan akvakultur

Nytt i fylkesstatistikken i år er at vi også kan sjå kvar det blir av studentar med bakgrunn frå Møre og Romsdal. I tillegg har vi for første gong med tal på lønnstakarar som arbeider på sjøen, og tala synar at Møre og Romsdal er fylket med flest sjøfolk i heile landet. Nytt er også at det har vore ein kraftig nedgang innan akvakultur på nær 4 milliardar, skulda Pankreassjukdom og brakklegging.

Statistikk for ferske politikarar

Haugen synes det er ekstra stas å kunne gi fylkesstatistikken til dei nye politikarane som vert innsett på fylkestinget.

- Vi vil påstå at fylkesstatistikken er og har vore ein god ven for politikarane våre fordi den byr på mykje og komprimert kunnskap om den regionale utviklinga. Vi trur at politikarane har behov for lett tilgjengeleg og truverdig kunnskap om nær sagt alle samfunnsområde, og vi håper Fylkesstatistikk 2019 blir eit nyttig reiskap for dei, seier Haugen.

Statistikkheftet inneheld eit breitt utval av statistikk knytt til samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal. Her kan du sjå korleis eigen kommune klarar seg i forhold til naboen og korleis fylket står i forhold til resten av landet.

Du kan laste ned PDF av fylkesstatistikken på mrfylke.no/fylkesstatistikk eller sjå den elektroniske utgåva på fylkesstatistikk.mrfylke.no

Kontakt