Fylkestinget valde nytt kontrollutval

Hans Kjetil Knutsen (Sunnmørslista) blir ny leiar av kontrollutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Skriv ut

 Det vedtok fylkestinget onsdag,

Knutsen får med seg Geir Ove Vegsund (Høgre) som nestleiar og medlemmane Oskar Grimstad (Frp), Toril Melheim Strand (Ap) og Ann-Kristin Sørvik (Sp).

Dei fem vararepresentantane som blei vald, er Randi Bergundhaugen (Høgre), Gunhild Meringdal (Frp), Kjell Lode (KrF), Asgeir Bahre Hansen (Venstre), Randi Asbjørnsen (Sunnmørslista).

Vedtaket i fylkestinget var einstemmig.

Kontakt