Fylkestinget vedtok ny fylkesplan med vekt på berekraft

Den nye fylkesplanen for Møre og Romsdal bygger opp under FN sine berekraftsmål.

Skriv ut

Fylkesplanen er den overordna planen for samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal. Det som er nytt er at den er bygd opp rundt FN sine berekraftsmål og - dimensjonar. Til saman er det sett opp 24 fylkesplanmål, fordelt under langsiktige utviklingsmål. Fylkesplanen skal følgast opp ei rekke fylkesstrategiar med resultatmål for dei ulike fagområda.

Plan for Berekraftsfylket

Alle måla i fylkesplanen er samla under paraplyen Berekraftsfylket Møre og Romsdal og under FN sine berekraftsdimensjonar.

Planen skal gi fylkeskommunen, kommunar og regionale styresmakter, næringsliv, institusjonar og organisasjonar i fylket eit godt grunnlag for å gjere prioriteringar og vedtak. Den skal også bidra til godt samarbeid og samhandling i fylket. 

Planen følger valperioden 2021-24, og vert fornya kvart fjerde år.

Snarvegar

Kontakt