Fylkestinget vil ha ny eksporteining til Ålesund

I ein samstemt uttale til regjeringa meiner fylkestinget at eininga Business Norway bør leggast til det sterkt  eksportretta næringsmiljøet i Ålesund. Fylkestinget vedtok uttalen i dag.

Skriv ut

I den nye eininga skal det samlast kompetanse som i tett samarbeid med næringslivet skal jobbe for å auke den norske eksporten.

I uttalen heiter det mellom anna at plasseringa i Ålesund vil styrke norsk eksport, fordi Møre og Romsdal har det mest eksportintensive næringslivet i landet. Ålesund er hovudstaden for det eksportretta næringslivet på Nordvestlandet, og sentrum for ein attraktiv bu- og arbeidsmarknadsregion. I tillegg finst her finansinstitusjonar med høg næringslivskompetanse.

Samtidig blir det i uttalen påpeikt at saka er viktig for å få statlege arbeidsplassar til fylket. I nasjonal samanheng ligg vi i nedre sjikt. Berre 8 prosent av dei sysselsette statlege tilsette er i Møre og Romsdal, medan snittet for landet er nær 12 prosent.

Les heile uttalen her.

Kontakt