Fylkesutvalet: Ber regjeringa svare om E39-utgreiing

Eit fleirtal i fylkesutvalet ber samferdselsministeren/regjeringa svare på om konsept- og traséval for E39 Molde-Ålesund er gjort på eit fagleg og uhilda grunnlag.

Skriv ut

Saka blei behandla i fylkesutvalet måndag.

Det var eit forslag frå Line Hatmosø Hoem (Ap), Kristin Sørheim (Sp), Frank Sve (Frp), Yvonne Wold (SV), Carl Johansen (MDG) og Pål Farstad (V) som blei vedtatt med ti røyster. Dei tre andre representantane (Høgre og KrF) stemte for eit forslag frå Anders Riise (H).

I vedtaket står det:

«Fylkesutvalet ber samferdselsministeren / regjeringa svare på om utgreiingane for konsept- og traséval for ferjefri og oppgradert E39 Molde-Ålesund er gjort på eit fagleg og uhilda grunnlag, og om dei på generelt grunnlag kan forsikre oss om at fagavdelingane gjennomfører utgreiingar som er grundig fagleg vurdert utan politisk eller anna påverknad undervegs i utgreiingsarbeidet. Dette er avgjerande for at folk og folkevalde skal ha tillit til utgreiingar som ligg til grunn for politiske slutningar og prioriteringar.

Om nødvendig må Stortinget be Kontroll- og konstitusjonskomiteen ta opp saka.

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal viser til avsløringane i avisa Tidens Krav om manglande framlegging av alternativ for E39 si fjordkryssing av Romsdalsfjorden.

Dersom det stemmer at utgreiingar som er gjort i høve konseptval og traséval for ferjefri og opprusta E39 Molde-Ålesund ikkje er gjort i samsvar med oppdraget frå Samferdselsdepartementet, må utgreiingane gjerast på nytt, mellom anna av undersjøisk tunnel under Veøya og det må da gjennomførast ei fullverdig utgreiing av alle andre alternativ og med kjent teknologi. Det er vidare ein føresetnad at det skal utarbeidast klima- og miljøbudsjett for dei ulike løysingane, og at dette skal vektast i tråd med nasjonale mål for reduksjon av klimagassutslepp.

Det norske samfunnet er bygd opp med tillit og openheit som grunnlag, og høyringsinstansar og Stortinget må kunne ha tillit til departementet sine utgreiingar og grunnlag for vedtak.»