Fylkesutvalet har møte i dag

Etablering av fylkeskommunale arbeidsplasser i Kristiansund, Skredsikring av fylkesvegar i Møre og Romsdal og Rekneskap med resultatvurdering og årsmelding for 2019 er mellom sakene utvalet skal behandle.

Skriv ut

Grunna koronapandemien blir møtet gjennomført digitalt.

Saker som blir behandla: (status i saksbehandlinga vert lagt ut fortløpande)

U-34/20          2020 - Statleg sikring av friluftslivsområde - Tilråding
Tilrådinga samrøystes vedteken

U-35/20          Høyring av NOU 2019: 24 - Inntektsfordeling mellom regionale helseforetak
Kristin Sørheim (Sp) m/fleire la fram alternativt forslag til vedtak. Ved votering fall tilrådinga til vedtak. 

U-36/20          Høyringssvar - Rapport om kriteria for fylkeskommunale båtruter i inntektssystemet
Kristin Sørheim (Sp) m/fleire la fram alternativt forslag til vedtak med nytt pkt. 4. Ved votering vart tilrådinga vedteken med eit nytt med forslag til pkt.  4. 

U-37/20          Rutereduksjon for buss 2020
 Kristin Sørheim (Sp) m/fleire la fram alternativt forslag til vedtak med ei endring i pkt. 2 og eit nytt pkt. 4. Ved votering fall tilrådinga  forslag til vedtak.

U-38/20          Omstillingsprosjekt for Geiranger og verdsarvområdet
Kristin Sørheim (Sp) m/fleire la fram alternativt forslag til vedtak med eit tilleggspkt. 3. Ved votering vart tilrådinga samrøystes vedteke, med eit nytt tilleggspkt. 3. 

U-39/20          Avkorting av mellombels fritak - Monica Molvær
Andres Riise (H) fremma alternativt forslag nytt pkt. 1 i  vedtaket. Ved votering fall tilrådinga til pkt. 1.  

U-40/20          Søknad om mellombels fritak frå politiske verv - Heidi Nakken
 Tilrådinga samrøystes vedteken. Anders Riise(H) la fram forslag val av nye styremedlemar i Tingvoll Økopark Eigedom AS og Svorka Energi AS. Forslaget vart samrøystes vedteke.

U-41/20          Søknad om mellombels fritak frå politiske verv - Britt Giske Andersen
Tilrådinga samrøystes vedteken

U-42/20          Mobbeombod i Møre og Romsdal - vidareføring av stillinga
Andres Riise (H) fremma alternativt forslag til vedtak. Ved votering vart tilrådinga vedteken.

U-43/20          Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal IKS - IKA - godkjenning av selskapsavtale
Tilrådinga samrøystes vedteken

U-44/20          Regionreforma - Overtaking av fiskerihamner
Tilrådinga samrøystes vedteken

U-45/20          Omstilling 2020 - overføring av oppgåver frå den offentlege tannhelsetenesta til private tannklinikkar
Det vart fremma to nye forslag til vedtak frå Kristin Sørheim (Sp) m/fleire nytt pkt. 3 og Frank Sve (FRP) nytt pkt. 1. Det vart votert punktvis. Pkt. 1 vart vedtatt som tilrådinga, pkt. 2 vart samrøystes vedteke som tilrådinga, forslag til nytt pkt. 3 vart vart vedtatt, tidlegare pkt. 3 vart vedteke som nytt punkt 4.   

U-46/20          Etablering av fylkeskommunale arbeidsplassar i Kristiansund
Frank Sve (FRP) og Carl Johansen (MDG) la fram kvar sitt forslag til nytt pkt. 3. Det vart votert over 1. og 2, desse vart vedteke som tilrådinga. Det vart vidare votert over forslag til nytt pkt. 3 frå Frank Sve (FRP) forslaget fall. Det vart votert over forslaget til Carl Johansen (MDG) vedtatt. 

U-47/20          Tverrsektorielle prosjekt - status, finansiering og organisering
 Kristin Sørheim (SP) og​ ​​​​​​Frank Sve (FRP) fremma endringforslag til tilrådinga. Ved votering vart tilrådinga vedteke med tilleggsforslag frå Kristin Sørheim.

U-48/20          Reviderte vedtekter for Fagskolen i Møre og Romsdal
Tilrådinga samrøystes vedteken

U-49/20          Statlege overføringar til fylkesvegferjedrifta - alternativ for justering av takst på ferje
Per Vidar Kjølmoen (Ap) m/fleire la fram forslag til nytt pkt. 7. Frank Sve (FRP) la fram alternativt forslag til tilrådinga. Ved votering vart tilrådinga vedteke. Forslag til nytt pkt. 7 vart vedteke. 

U-50/20          Skredsikring av fylkesvegar i Møre og Romsdal
Yvonne Wold(SV) fremma på vegner av seg sjølv og Per Vidare Kjølmoen (Ap) nytt forslag til vedtak. Ved votering vart tilrådinga vedtatt. 

U-51/20          Meirverdiavgiftkompensasjon, kulturorganisasjonar og fylkeskommunalt engasjement
Tilrådinga samrøystes vedteken

U-52/20          Rekneskap med resultatvurdering og årsmelding for 2019
Frank Sve (FRP) la fram alternativt forslag til pkt.2. Kristin Sørheim (Sp) m/fleire la fram eit  forslag til tillegg i pkt. 2. Det vart votert over pkt. 1,3,4, 5 og 6 samla. Desse vart samrøystes vedteke.  Det vart votert over pkt.2 med tillegg frå Kristin Sørheim m/fleire opp mot Frank Sve (FRP) sitt alternative forslag til pkt. 2. Tilrådinga til pkt.2  med tillegg frå Sørheim m/fleire vart vedteke.     

U-53/20          Endring av budsjettet for 2020
Tilrådinga samrøystes vedteken

Fullstendig møteinnkalling og saksframlegg finn du her

Møte startar kl. 09.00 og vert gjennomført digitalt møte via videokonferanse. 
Media og andre kan følge møtet via streaming på mrfylke.no/streaming.  

Kontakt