Fylkesutvalet vedtok lokale skoledebattar

Fylkesutvalet gjorde i dag to vedtak om at dei planlagde skoledebattane i samband med skolevalet 2021, så langt som råd ,skal gjennomførast lokalt.

Skriv ut

I dei to vedtaka som var gjort heiter det:

Fylkesutvalet er opptatt av godt smittevern, men også å ivareta ungdomsdemokratiet. Fylkesutvalet ber fylkeskommunedirektøren gå i dialog med skolane og ungdomspartia om å arrangere valtorg utandørs på skolens område, og at førstegongsveljarar prioriterast i møte med ungdomspartia. 

 Fylkesutvalet vedtek at skuledebattane og skulevala skal gjennomførast i samsvar med vedtaket i UDK 24/21 og Utdanningsdirektoratet sin vegleiar for skuleval 2021. Alternativ B skal prioriterast dersom Alt A ikkje kan gjennomførast. Alt. C og D er sisteval. Dette ivaretek både smittevernomsyn og omsynet til opplæringslova om å gje forsvarleg undervisning.

Skolane  jobbar no med å legge til rette for at dei lokale skoledebattane  blir gjennomført som planlagt.