Gjer førebuingar før vêromslag: - Køyr etter forholda

Frå helga 10.-12. januar er det meldt mildare vêr og nedbør i form av regn i låglandet, noko som gjer at det kan bli utfordringar langs vegane i fylket. Møre og Romsdal fylkeskommune gjer førebuande tiltak og følgjer med på situasjonen. 

Bilete av tilsett foran bil - Klikk for stort bileteSeksjonsleiar for vegdrift, Torgeir Bye Møre og Romsdal fylkeskommune

Den siste tida har det kome mykje snø og det har vore stabilt kaldt. Når det brått snur til mildare vêr og regn kan det skape utfordringar på vegane. Det kan bli svært glatt i ein periode før snøsålen på vegane går i oppløysning og blir brøyta vekk. Det vil òg vere risiko for at sludd og regn på underkjølt vegbane fører til glatte vegar, før strøtiltaka fungerer. 

- Entreprenørane våre er i gang med å førebu opning i snøkantar og sluk for å hindre problem med vatn, samt at dei køyrer jamlege inspeksjonar, spesielt på strekningar som er utsett på skred og flaum. Vi må rekne med at nokre vegar kan bli stengde som følgje av dette. Vi ber trafikantane vere ekstra merksame på utfordrande køyreforhold frå helga og den komande veka. Køyr etter forholda, seier Torgeir Bye, seksjonsleiar for vegdrift i Møre og Romsdal fylkeskommune.
 

Møre og Romsdal fylkeskommune oppmodar til å følgje med på trafikkmeldingar frå Statens vegvesen (175.no) og media for trafikkinformasjon.

Kontakt

Torgeir Bye, seksjonsleiar vegdrift, Møre og Romsdal fylkeskommune. Tlf: 907 37 873.