Glede i Molde og Kristiansund: Ja til satsing på Campus Kristiansund

Kunnskapsdepartementet har godkjent at Høgskolen i Molde kan teikne ein 20 års leigeavtale med Devoldholmen Utvikling AS. Dermed er siste hinderet passert for ein avtale om flytting til Campus Kristiansund.

Skriv ut

Det er Høgskolen i Molde som i ei pressemelding fortel at Kunnskapsdepartementet gir samtykke til at Høgskolen i Molde kan inngå leigekontrakten som er forhandla fram. Saka har vore presentert for Kommunal- og distriktsdepartementet, som ikkje hadde merknader. Det betyr at siste hinder er passert og Høgskolen i Molde kan inngå avtale om lokale for satsinga i Kristiansund i 20 år framover (med opsjonar).

HiMolde-leiing gler seg

- Ein leigeavtale på denne storleiken er det lenge sidan vi har inngått, og det seier noko om ambisjonsnivået vi har for studiestaden, seier fungerande høgskuledirektør Øyvind Sørensen ved Høgskolen i Molde.

Også rektor Steinar Kristoffersen gler seg: - Vi ser fram til signering av leigeavtalen og det vidare arbeidet fram til innflytting kan skje.

Utleigar fornøgd

Utleigar Devoldholmen Utvikling AS er veldig fornøgde med at det gikk så raskt å avklare leigeforholdet til høgskulen òg på departementsnivå. Det har mykje å seie for den vidare framdrifta for Campus Kristiansund.

- No er vi klare til å køyre på med den vidare byggeprosessen, og reknar med å starte riving og førebuingar på tomta om ganske kort tid, seier dagleg leiar Kristin Haug Lund. - Vi har hatt eit godt og konstruktivt samarbeid med Høgskolen i Molde, og no gler vi oss til signering av leigekontrakt og eit vidare spennande samarbeid mot innflytting i Campus Kristiansund i 2024, seier Haug Lund.

Campus-leiar: - Ein flott dag!

- Dette er ein flott dag for Campus Kristiansund! Ein av dei aller viktigaste brikkene er no formelt avklart, og vi kan fokusere endå meir på å bygge innhald og samarbeid mellom aktørane fram mot opning hausten 2024, seier Roland Mauseth, prosjektleiar for Campus Kristiansund hos Møre og Romsdal fylkeskommune.

Sjølve signeringa av avtalen vil i næraste framtid skje i Kristiansund.

 

Kontaktpersonar:

  • Roland Mauseth, prosjektleiar Campus Kristiansund, Møre og Romsdal fylkeskommune, telefon 917 21 401
  • Bente Weiseth Frantzen, prosjektleiar Høgskolen i Molde, telefon 478 79 658
  • Steinar Kristoffersen, rektor Høgskolen i Molde, telefon 926 69 831
  • Øyvind Sørensen, fungerande høgskuledirektør Høgskolen i Molde, telefon 922 67 076
  • Kristin Haug Lund, dagleg leiar Devoldholmen Utvikling AS, Mob: 951 90 215