Glede over gratis ferje, men ber reisande vere budd på meir trafikk

I FRAM gler dei seg saman med passasjerane over at det blir gratis på åtte ferjesamband i fylket. Men auka trafikk kan også skape nokre trafikale utfordringar.

Skriv ut

Regjeringa har vedtatt at alle ferjesamband med under 100.000 passasjerar frå fredag 1. juli 2022 skal vere gratis. For Møre og Romsdal gjeld det desse sambanda:

  • Arasvika-Hennset
  • Molde-Sekken
  • Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona
  • Festøya-Hundeidvika
  • Sæbø-Leknes
  • Standal-Trandal-Sæbø-Skår-Valderøya-Store Kalvøy
  • Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya (PS: Reiser mellom Åram og Larsnes vil ikkje vere gratis)
  • Brattvåg-Dryna-Fjørtofta-Harøya (PS: Reiser til og frå Dryna vil ikkje vere gratis)

Kan bli fulle ferjer

Seksjonsleiar drift i FRAM, Jesper Wiig, seier at dei gler seg saman med dei reisande over at det blir gratis å komme seg til og frå små øysamfunn. Men i FRAM er dei også klar over at det på enkelte avgangar kan bli fulle ferjer, der bilar og folk ikkje kjem med. Særleg om sommaren med mykje turistar og på enkelte avgangar i helgane.

- Vi vil denne sommaren følge ferjetrafikken på dei åtte sambanda tett. Og eg er trygg på at mannskapet på ferjene gjer sitt beste for dei reisande, seier Wiig.

- Dersom det blir mykje attståande bilar: Er fleire ferjer, eller hyppigare avgangar, ei løysing?

- Ein konsekvens av gratis ferje er auka trafikk. I turistfylket Møre og Romsdal kan vi derfor om sommaren, oftare enn tidlegare, komme til å oppleve fulle ferjer og attståande bilar. Men det er ikkje sett av pengar til å auke produksjonen ut over det som i dag ligg i dagens rutetabellar, seier Wiig.

Fastbuande blir prioritert

På rute 1051 Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona vil innbyggarane som bor på øyane Ona, Sandøy og Orta – og mjølketanken frå Orta – bli prioritert. Frå fredag 1. juli innfører FRAM plassbestilling på ferjesambandet. Fastbuande kan – avhengig av kvar dei reiser frå – gjere eitt av to:

  • Fastbuande (busett på Ona, Sandøy og Orta) som reiser frå Ona eller Småge: Møt opp til ferjeavgangen og gjer deg til kjenne for mannskapet.
  • Fastbuande (busett på Ona, Sandøy og Orta) som reiser frå Orta, Finnøy eller Sandøya: Ring ferja seinast kl. 20 kvelden før avgang for plassbestilling.

Innbyggarpass utasunds

Det blir jobba med å få på plass eit «innbyggarpass» for fastbuande på Ona, Sandøy og Orta.

- Særleg for dei reisande til Ona så ber vi dei reisande vurdere samkøyring eller å reise utan bil, dersom det er mogleg, seier Wiig.