God planlegging førebygger konfliktar i kystsona
Tysdag og onsdag 12. – 13. november gjekk den nasjonale sjøplankonferansen av stabelen i Ålesund. Konferansen er eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune.
Namnet på konferansen «Kampen om sjøareala» illustrerer noko av kompleksiteten i forvaltninga av kystområda. Næringsverksemd, vasskvalitet, dyreliv, utslepp eller turisme - her er ulike og ofte motstridande interesser. Intensjonen med konferansen er å dele det marine kunnskapsgrunnlaget og bidra til ei meir samordna planlegging i sjø.
Fullt hus
Dette er andre gonga Møre og Romsdal arrangerer nasjonal sjøplankonferanse. Konferansen var fullteikna med omlag 200 deltakarar frå kommunar, fylkeskommunar, statlege sektormyndigheiter, nærings og interesseorganisasjonar. I tillegg følgde 50-60 personar med på strømming.
-Dette viser at mange ser behovet for god planlegging og forvaltning av kystsona. Det er gledeleg, og det gjer meg optimistisk på havet, samfunnet og framtidas vegner, sa fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik i opningstale.
Vi lever i ei spennande tid – ei tid prega av ord om berekraft, om det grønne skifte, omstilling, den blå økonomien, havrommet og den nye olja. Ord som omsatt til virkelighet vil kreve kunnskap, innovasjon og visjoner.
Men kor skal vi begynne? Svaret her på Mørekysten har alltid vore havet og kysten. For eksempel vart grunnlaget for den moderne norske fiskeflåten lagt her i byen. Ei utvikling som ikkje var driven fram av armod og sult, men av mot, visjonar og trua på at ting kan gjerast betre og at gevinsten i større og betre fangst ligg der ute på eggakanten. Den same trua og vissheita har vi også i dag, om at vi i dag kan forvalte kysten og havet betre og at her vil det ligge store gevinster.
I dag er det kommunene som er planmyndigheit i kystsona, og vår oppgave som fylkeskommune er å spele dykk gode. Saman jobbar vi for reint vatn, at dyra i sjøen trivst og at områda våre har gode bo- og livsvilkår. Med i dette ligg det også at vi skal legge til rette for næringsutvikling.
Sjølv om vi i dag har meir kunnskap om kystsona og sjøområda enn nokon gong, er det framleis mykje vi ikkje veit om livet under havoverflata. Vi må både bli betre til å bruke dei verktøya vi allereie har, og utvikle dei vidare. Det er ikkje bare i Møre og Romsdal planleggarane treng å vite meir, så derfor har vi vald å gjere dette til ein nasjonal arena.
Fylkeskommunen og Fylkesmannen i Møre og Romsdal har et svært godt samarbeid, og vi er veldig stolte av kva som skjer her i fylket vårt. Vi var dei første i Noreg som har fått frigitt marine grunnkart. Dette var på Søre Sunnmøre, og nå er Nordre Sunnmøre med i en nasjonal pilot for marine grunnkart der både Stavanger og Nord-Troms er med! Det er også på Søre Sunnmøre vi har nasjonal pilot for naturtypekartlegging i sjø; NIN 2.0. Begge er viktige verktøy å bruke i arealplanlegginga.
I Møre og Romsdal har vi også stort fokus på interkommunale sjøplanar der to er fullført, og fleire er i arbeid. Det er også vår oppgave å bidra til næringsutvikling, og i dette må vi vekte forskjellige og ofte motstridande hensyn. Det viktigste er at vi har gode arealplanar og samfunnsplanar som kan dempe konfliktene. Vi må legge til rette for ei berekraftig utvikling. Og det er ikkje tilfeldig at vi er samla i Ålesund. Ålesund kommune har forplikta seg til FN sitt bærekraftmål nr. 14. «liv under vann», dessuten er Møre og Romsdal det første fylke som er med i FN sitt smart by program. Så vi har forplikta oss til å fremme FN sitt berekraftarbeid.
Konferansen er fullteikna og i salen er det folk fra helt nord til helt sør i landet. Det viser at mange ser behov for ei bedre planlegging for forvaltning av havet. Det er gledeleg, og det gjer meg optimistisk på havet, samfunnet og framtidas vegne.