Håvard Johansen får Inkludering- og mangfaldsprisen for 2020

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet har tildelt Inkludering- og mangfaldsprisen 2020 til Håvard Johansen frå Kristiansund. Prisen blir delt ut for første gong.

Skriv ut

– Det er gledeleg å kunne dele ut årets pris til Håvard Johansen. Hans motivasjon med å inkludere andre i det han liker å gjere sjøl, å vere ute i friluftsliv, er ein inspirasjon for andre.  Det å bevisst jobbe for å motivere innvandrar og flyktningar til å vere med ut på tur og aktivitetar, er eit godt eksempel på inkludering, seier Marit Nerås Krogsæter, leiar i kultur, næring og folkehelseutvalet.

Har tatt med 2500 deltakarar på tur

Håvard Johansen (57 år) er frå Kristiansund, og har sidan 2015 arrangert ulike aktivitetar for flyktningar og immigrantar.  Frå oppstart i 2015 og fram til no, har han hatt med over 2500 deltakarar på mellom anna fjellturar, hyttebesøk og Galdhøpiggen. Dette gir eit flott samhald og skaper vennskap på tvers av religion og nasjonalitetar. Dette er basert på frivillig innsats, og Håvard Johansen er ein person som får det til gjennom friluftsliv og inkludering. Målet er å ta dei med snarast mogleg etter at dei kjem til Noreg, for å lære dei å vere ute på tur. Han ønsker at dei skal få interessa for friluftsliv og at dei drar på tur på eigahand etterkvart. Dette har han gjort saman med forskjellige andre samarbeidspartnarar i løpet av åra. Johansen har heile tida vore primus motor og har gjort ein stor innsats i alt fra å planlegge turar, informere og rekruttere deltakarar til å sørge for at dei har det dei treng av for eksempel klede, sko, og ski. 

I 2020 vart den tidlegare likestillingsprisen gjort om til inkludering- og mangfaldsprisen, og prisen blir no delt ut for første gong.

Formålet med prisen er å heidre stor innsats for å fremme inkludering og mangfald i samfunns- og arbeidslivet i Møre og Romsdal. Prisen skal vere til inspirasjon for inkludering- og mangfaldsarbeidet.

Prisen består av eit diplom, eit kunstverk og 15 000 kroner. 

Fremme like moglegheiter, meir inkludering og mangfald

I kriteria for prisen står det at prisen blir delt ut til ein person, gruppe av personar, bedrifter, institusjonar eller organisasjonar som høyrer heime i fylket eller har sterk tilknyting til fylket. Den/dei har tatt initiativ til eller gjennomført tiltak som fremmer like moglegheiter, meir inkludering og mangfald i samfunns- og arbeidsliv for individ eller grupper uavhengig av kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, alder, etnisitet, språk og religion.

Totalt kom det inn åtte forslag på kandidatar til prisen, både enkeltpersonar til organisasjonar.  Alle kandidatane fell derfor inn under kriteria som er sett for prisen.

Her kan du høyre og sjå Håvard Johansen takke for prisen:

Kontakt