Halvvegs til målet om 55 prosent kutt i klimagassar frå eiga verksemd

Møre og Romsdal fylkeskommune reduserte i fjor CO2-utsleppa med 17 prosent samanlikna med året før. Fylkeskommunen er no halvvegs til målet om å kutte 55 prosent av klimagassutsleppa frå eiga verksemd innan 2030.

Skriv ut

Fylkestinget har vedtatt at Møre og Romsdal fylkeskommune skal kutte 51.000 av om lag 93.000 tonn CO2 innan 2030, samanlikna med 2019. Dette gjeld utslepp frå drift av fylkeskommunen, for eksempel ferjedrifta.

Det totale utsleppet i 2022 var på 67.500 tonn. Miljøfyrtårn-rapporteringa for 2022 viser at vel 25.000 av 51.000 tonn allereie er kutta sidan 2019. Dermed har Møre og Romsdal fylkeskommune kutta halvparten av det som er sett som mål.

Størst potensial for CO2-kutt

I fylkeskommunen sin verksemd er det samferdsel med ferjedrifta som er den største produsenten av klimagassar med eit utslepp i 2022 på vel 35.000 tonn CO2. Deretter følger bussar med 16.700 tonn og hurtigbåtar med 11.800 tonn.

Det er innanfor samferdsel at potensialet for klimakutt er størst. Og det er også her reduksjonen dei siste åra har vore mest merkbart. Elektrifiseringa av ferjer og bussar gjer at samferdselsområdet allereie i 2025 når målet om 55 prosent kutt innan 2030. Ferjedrifta kutta i 2022 utsleppa med 12.000 tonn CO2, som er ein reduksjon på 25 prosent frå året før. Og elektrifisering av fleire ferjer står for tur – det same er tilfelle med bussparken.

Auka utslepp ved tenestereiser

Når det gjeld bruk av energi (elektrisitet og fjernvarme) vart det registrert ein reduksjon på 6 prosent i klimagassutslepp frå 2021 til 2022.  Fylkeskommunen har eit sterkt fokus på å ta i bruk solceller og varmepumper i bygningane fylkeskommunen er eigar av.

Det vart registrert ei sterk auke i CO2-utslepp frå 2021 til 2022 innanfor tenestereiser med bil og bruk av flyreiser. Her veit vi at 2021 var eit pandemi-år som det kan vere vanskeleg å samanlikne med, men samanliknar vi med tal frå 2019, er det ei relativ sterk auke i talet på flyreiser.

Fylkestinget har som eit langsiktig utviklingsmål bestemt at Møre og Romsdal skal bli miljøfylke nr. 1. Eit viktig reiskap i arbeidet er Miljøfyrtårn, som er eit sertifiseringsverktøy og system for miljøleiing. Dei siste åra er Miljøfyrtårn-arbeidet kopla tettare opp mot dei miljømåla vi har sett i fylkesplanen, og eit sentralt mål her er at vi skal redusere klimagassutsleppa med 55 prosent i 2030.

Betre talgrunnlag

Ettersom alle einingane leverte miljøfyrtårn-rapport for 2022, kan vi no i større grad stole på talgrunnlaget enn vi kunne tidlegare år. Likevel er det framleis rom for forbetringar i kvaliteten på talgrunnlaget.

Når det gjeld kjeldesortering er det ein veg å gå. Frå nyttår vart det lovpålagt å sortere plast og organisk avfall, men fleire skolar har ikkje gode nok system for kjeldesortering av avfall. Det blir jobba med at einingane så snart som mogleg skal fylle kravet.

Det er etablert eit samarbeid med renovasjonsselskapa i fylket om å få fram talgrunnlag for levert avfall i dei ulike sorteringsfraksjonane. Fylkeskommunen samarbeider  med renovasjonsselskapa om informasjons- og motivasjonstiltak, og få på plass tilfredsstillande system for god kjeldesortering.

Snarvegar

Kontakt

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.