Har du forslag til ruteendringar? Då vil FRAM høyre frå deg

Kollektivselskapet FRAM gjer seg klar for å starte ruteendringsprosessen 2023. No ber dei om innspel frå innbyggarane i fylket.

Skriv ut

Den årlege ruteendringsprosessen for ferje-, hurtigbåt- og bussrutene vil starte i september 2022. Eventuelle endringar vil gjelde frå 1. mai 2023.

Men allereie no vil dei høyre om forslag til eventuelle korrigeringar i rutene:

«For å få ut ny ruteinformasjonen rettidig til 1.mai 2023, er det viktig at fristen for innlevering av innspel blir overhalden. I praksis må nye rutetider offentleggjerast før jul kvart år», skriv seksjonsleiar Jesper Wiig og rådgivar Svein Ivar Aarskog i FRAM Drift i eit brev til kommunane og operatørane i Møre og Romsdal.

FRAM oppmodar kommunane om å involvere skular, trafikknemnder, eldreråd og ungdomsråd for få innspel derifrå. Og det er ønskeleg at kommunane og andre har ei tydeleg prioritering på sine innspel: «Eventuelle forslag til kutt i ruter/turar med dårleg belegg, vil styrke forslag til auke på ruter/turar der behovet er aukande», skriv dei i brevet. Dei skriv også at forslag til ruteendringar som gjer korrespondansar betre, vil bli prioritert.

Dei ber om at innspel blir sendt innan 11. august 2022 på e-postadressa post@mrfylke.no.

 

Ønsker du å abonnere på vårt nyheitsbrev? Registrer deg her.

 

Dokumenter

Kontakt