Har du gjort eit arkeologisk funn? Ring fylkeskommunen!

- Loven er krystallklar. Har du funne noko som kan vere eit kulturminne, må du snarast kontakte oss, seier fylkeskonservator Bjørn Ringstad i Møre og Romsdal fylkeskommune. Med høgsesong for metallsøk og fleire lovbrot dei siste åra, ønsker han å minne om retningslinjene for privat metallsøking.

Skriv ut

-Den som bruker metalldetektor har ansvar for å sette seg inn i lovar og reglar som er relevante for hobbyen sin, seier Ringstad. Og fordi bruk av metalldetektor har blitt stadig meir populært dei siste åra, er det behov for at fleire kjenner til kulturminneloven.

Straffbart

Her står det mellom anna at det er forbode å gjere inngrep i kulturminne frå før 1537, som å grave ut, tildekke , skjule, skade eller øydelegge. Dette kan medføre straff.

Den som finn eit laust kulturminne skal melde frå om funnet første virkedag etter at funnet er gjort.

Dei siste to somrane har det vore alvorlege lovbrot ved Veøya og Klosterhaugen på Herøy gard. Begge vart meld til politiet.

Les Riksantikvaren sine retningslinjer for metalldetektor her.

Skade på kulturminne

-  Arkeologiske funn tilhøyrar fellesskapet og fortel om vår felles historie. Metallsøking er ein aktivitet som kan føre til skadar på kulturminna om den vert  utført uforsiktig , seier fylkeskonservator Bjørn Ringstad i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Han anbefaler derfor metallsøkarane om å melde seg inn i ein lokal metallsøkjarforeining knytt til Norges metallsøkjarforeining , som Møre Detektorlaug. Han legg til at fylkeskommunen tradisjonelt sett har hatt eit godt samarbeid med metallsøkarane i fylket.

Godt samarbeid

- Mange er genuint opptatt av kulturminnevernet og har kunnskap om gjenstandar og forhistorie. Men det er ikkje alle som er like flinke til å respektere freda kulturminne og som driv ulovleg graving.

Kulturminnevernet i fylkeskommunen har det siste året jobba for å styrke samarbeidet med metalldetektormiljøa. Dette har vore nyttig for begge partar, avsluttar Ringstad.

Kontakt