Har du lyst på eit annleis og spennande skoleår i Skottland?

No kan elevar som går Vg1 studiespesialiserande søke om å ta andre året i Skottland.

Skriv ut

Møre og Romsdal fylkeskommune har avtale med tre vidaregåande skolar i West Lothian County, Skottland, og innan 1. mars kan du søke om å få ta Vg2 studiespesialiserande skoleåret 2022-23 i Skottland. Tredje året fullfører du på ordinært vis når du kjem tilbake. Det er opna for søking frå 3. januar 2022.

Godkjent år

Dei tre skolane fylkeskommunen har samarbeid med er Armadale Academy, Broxburn Academy og The James Young High School, som alle ligg i området mellom Edinburgh og Glasgow.

Skolesystemet er relativt likt det norske, og utvekslingsåret vil bli godkjent som ein del av det ordinære vidaregåande løpet.

Tilbodet gjeld også for dei som går studiespesialiserande internasjonal.

Slik søker du

Søk om plass på Vigo.no, på lik linje med andre utdanningstilbod i vidaregåande. I tillegg må du sende ein skriftleg søknad til Haram vidaregåande skule, der du fortel om motivasjonen din for å søke. Deretter vert aktuelle kandidatar kalla inn til intervju.

Elevane som får plass vil bu hos vertsfamiliar.

Stipend frå Lånekassen

  • Du vil få dekt inntil 85 % av skolepengane gjennom stipend frå Lånekassen.
  • Møre og Romsdal fylkeskommune dekker dei resterande utgiftene.
  • Haram vidaregåande skole administrerer skoletilbodet og vil gi fagleg oppfølging i norsk og historie.

 

Du kan lese meir om tilbodet og søke her.

Kontakt