Har kartlagt ungt utanforskap: Nær 2.000 i fylket står utanfor

I 2020 var det 1.928 unge i Møre og Romsdal som verken var i utdanning eller i arbeid, og som ikkje hadde fullført vidaregåande utdanning.

Skriv ut

Av desse var det 829 kvinner og 1.099 menn. Dei utgjer seks prosent av ungdom i aldersgruppa 16-25 år. Andel ungdom utanfor i Møre og Romsdal er på nivå med resten av landet.

Dette kjem fram i ein rapport som Nordlandsforskning har laga på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Rapporten blir presentert på Nyttårskonferansen 2022, som blir arrangert onsdag 20. og torsdag 21. april på Scandic Seilet i Molde. Utanforskap er eitt av temaa på konferansen.

Felles forståing

Seniorforskar Ragnhild Holmen Waldahl ved Nordlandsforskning, som saman med Esben Olesen har skrive rapporten, seier at det er viktig å få ei felles forståing for kva ungt utanforskap er.

- Det å vite kven ein snakkar om, trur vi kan bety at man blir meir presis i tiltaka, og at man kan nå dei, seier Waldahl.

Dei bruker Utdanningsdirektoratet sin definisjon av ungt utanforskap: Ungdom i alderen 16-25 år som ikkje er i utdanning eller i arbeid, og som ikkje har fullført vidaregåande utdanning.

Tunge risikofaktorar

I rapporten tar forskarane også føre seg risikofaktorar for utanforskap. Waldahl og Olesen viser til ein rapport laga av danske forskarar, som løftar fram fire tunge risikofaktorar:

  • Tidlegare mottatt offentlege ytingar
  • Låge standpunkt-/eksamenskarakterar i grunnskolen (grunnskolepoeng/meistringsnivå)
  • Mangel på tidlegare arbeidslivserfaring/sommarjobb
  • Kontakt med psykisk helsevern

I konklusjonen skriv dei to forskarane at «Vi kan ikke på bakgrunn av foreliggende statistikk si noe om hvilke risikofaktorer som har mest å si for utenforskap i Møre og Romsdal. Det er imidlertid grunn til å anta at de faktorene som de danske forskerne trekker frem, også er viktige i Norge. Det er ingen av disse risikofaktorene som synes å være på et annet nivå eller fungere annerledes i Møre og Romsdal enn i landet som helhet.»

Har løfta fram utanforskap

Nyttårskonferansen blir arrangert av Møre og Romsdal 2025, som er eit program der offentleg sektor med ansvar for Møre og Romsdal arbeider saman for å styrke regionen. Statlege aktørar og kommunar har definert utanforskap som ei av samfunnsutfordringane dei ønsker å utvikle nye eller betre samarbeid på.

Alle kommunar i fylket er representert på Nyttårskonferansen. Dei som er inviterte er ordførarar, kommunedirektørar, toppleiarar for regionale statlege verksemder med ansvar for Møre og Romsdal, fylkesutval, Mørebenken, ungdomspanelet, og toppleiing i Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.  

Dette er den fjerde Nyttårskonferansen. Programkomiteen består av Møre og Romsdal fylkeskommune, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, KS, NAV og Ungdomspanelet. 

 

Ønsker du å abonnere på vårt nyheitsbrev? Registrer deg her.

Snarvegar

Dokumenter

Kontakt