Har stifta utbyggingsselskap til opera, museum og kulturhus i Kristiansund

I går vart utbyggingsselskapet for opera, museum og kulturhus i Kristiansund (OMKK Eiendom AS) stifta. 

Skriv ut

– Dette er ein milepel i prosjektet, og markerer starten av ein spennande fase der planlegging, prosjektering og bygging av det nye kulturhuset står i fokus, seier kultursjef og styreleiar Eigunn Stav Sætre.

Det er Kristiansund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune som står bak utbyggingsselskapet, og styret til OMKK Eiendom AS er representert med både kommune, opera, museum og fylkeskommune.

Skal lyse ut etter prosjektleiar

På sakslista til det første styremøte stod mellom anna tilsetting av dagleg leiar, utlysing av prosjektleiing og val av entrepriseform for prosjektet. Etter forslag fra Kristiansund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune vart bygg- og eigedomssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Per Olaf Brækkan engasjert som dagleg leiar i OMKK Eiendom AS. 

- Vi er godt fornøgd med denne løysninga, og meiner dette vil gi ei god og nødvendig framdrift i arbeidet med prosjektet, seier Stav Sætre.

- Hovedfokuset vårt no er å få på plass prosjektleiar for byggeprosjektet. Det vil seie ein person som har ansvaret for, i samarbeid med byggherre, å planlegge og gjennomføre prosjektet på ein optimal måte, seier bygg- og eigedomssjef og ny dagleg leiar, Per Olaf Brækkan.

Det nye styret i selskapet:

  • Einar Lund, styreleiar i Stiftelsen Nordmøre Museum
  • Bjarne Elde, styreleiar i Operaen i Kristiansund
  • Monica Kjøl Tornes, ass. fylkeskultursjef i Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Knut Mostad, ass. rådmann i Kristiansund kommune
  • Eigunn Stav Sætre, kultursjef i Kristiansund kommune

Varamedlemmar til styret er Nicoline Ibsen-Børnick og Martin Gjendem Mortensen frå Kristiansund kommune, Ragnhild Holsvik fra Møre og Romsdal fylkeskommune, Asgeir Bahre Hansen fra Operaen i Kristiansund, og Ragnhild Helseth og Lilli Husby fra Stiftelsen Nordmøre Museum.