Heile verdikjeda for hydrogen skal til toppen

Ein av dei faglege godbitane i årets utgåve av Innovasjonsfestivalen på Åndalsnes, presenterast onsdag 10. november på Eggen restaurant, på toppen av Romsdalsgondolen.

Skriv ut

Der skal deltakarane få dei siste oppdateringane på hydrogenutviklinga i Noreg. I løpet av dagen får dei høyre frå aktørar som potensielt kan bidra for tilrettelegging-, produksjon-, distribusjon- og bruk av hydrogen.

- Plana med temadagen om hydrogen er å vise gode eksemplar på kva som allereie er gjort, og noko av det som er i planleggingsfasen – og samle aktørane som potensielt kan bidra inn i ei hydrogenverdikjede, seier Lina Vassdal, rådgivar energi i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ho gler seg til å samle næringslivet, kople hydrogenaktørane og sjå synergiane mellom små- og storskalaproduksjon.

- Kanskje er det ikkje så mange som veit at mobildekninga på Trollstigen blir forsynt med straum frå sol, vind og hydrogen. Blant anna skal Telia fortelle om si erfaring med småskalaanlegget dei har bygd på Trollstigen, seier Vassdal.

Innovasjonsfestivalen på Åndalsnes blir arrangert for sjuande året på rad, og i år frå tysdag 9. til og med torsdag 11. november. 

Arrangørar av Innovasjonsfestivalen er Nordveggen, Rauma Næringslag, Sparebanken Møre, Rauma kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. Festivalen er haustens møteplass for nytt og etablert næringsliv på tvers av bransjar.

Snarvegar

Kontakt