Heime bra, men skolen best?
Elevar i vidaregåande skole meiner dei lærer best på skolen, og dei sakna medelevane sine då skolen var koronastengt. Det viser ei undersøking av den digitale undervisninga som var gjennomført i vidaregåande skole i Møre og Romsdal.
I undersøkinga, der nær 4000 elevar har svart, seier 60 % at det mest positive med heimeskolen var at dei kunne styre dagen meir sjølve, og at dei har blitt betre til å bruke digitale verktøy. 2416 elevar meiner også at det har vore godt å bruke mindre tid på reising til og frå skolen.
Mindre motivert
På den andre sida viser undersøkinga at 52% av elevane opplevde fallande motivasjon i perioden med heimeskole. Ein del av elevane har hatt vanskar med å få oversikt over skolearbeidet på eiga hand, og mange seier også at det vart stort arbeidspress og mange innleveringar.
- Dette har vore eit svært spesielt skoleår, der omstillingsevne, læringsvilje og kreativitet verkeleg har blitt testa. Både elevar og tilsette har gjort ein fantastisk innsats med å finne gode løysingar, og no har dei endeleg fått seg ein velfortent ferie. Uansett korleis koronasituasjonen utviklar seg neste skoleår, skal elevane vite at vi arbeider for at opplæringa deira skal bli best mogleg. Det er derfor viktig å ta med oss det vi har lært denne våren, og det elevane seier i slike evalueringar kan hjelpe oss i planlegginga av eventuelle nye periodar med digital undervisning, seier kst. fylkesutdanningssjef Kariann Dimmen Flovikholm i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Opnar med gult nivå
Undersøkinga blir brukt når skolane skal planlegge hausten. 28. mai kom ny smittevernrettleiar med nivåinndeling på grønt, gult og raudt nivå som skal gjelde for hausten 2020, der skolane skal planlegge for gult nivå ved oppstart. Gult nivå betyr at skoleåret kan startast på same måte som det vart avslutta. Men fordi det er usikkert korleis smittesituasjonen vil utvikle seg, må skolane også førebu seg på at det kan bli periodar med delvis heimeundervisning for elevane.
Dei vidaregåande skolane stengte frå og med 13. mars. Frå 27. april var det gradvis opning for Vg2 og Vg3 yrkesfag og deretter kunne alle elevane komme tilbake til skolen frå 18. mai.
- Vi ser fram til at epidemien kjem under kontroll og at skolekvardagen blir normal igjen. Men no vil vi ønske alle elevar og tilsette i skolane våre ein god ferie og velkommen tilbake til skolen i august, seier Flovikholm.