Her startar bygginga av Campus Kristiansund

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe fekk køyre gravemaskina og starte rivinga av Rutebilstasjonen i Kristiansund. Det var også startskotet for byggetrinn ein av Campus Kristiansund.

Skriv ut

Tysdag formiddag ved 10.30-tida blei dei første bitane av den gamle Rutebilstasjonen rive. I kvar sin gravemaskin fekk utdanningsminister Ola Borten Moe og ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard, markere starten på arbeidet, og at byen i løpet av to år får ein campus for høgare utdanning, forsking og innovasjon.

- Unikt løft for regionen

- Dette er ein av dei største dagane for meg som ordførar. Det er fantastisk å få vere med på, sa ordførar Neergaard. For denne dagen, når arbeidet med Campus Kristiansund for alvor startar, er ein milepæl for byen og for Nordmøre.

- Dette blir eit unikt løft for heile regionen. Det vil bidra til vekst og utvikling i ein region som har så utrolig mykje å by på. No skjer det veldig mykje positivt rundt oss. No skal vi jobbe saman, sa Neergaard.

Han takka Høgskolen i Molde, Fagskolen i Møre og Romsdal, vekstmiljøa, forskingsmiljøa, Kristiansund Havn og ikkje minst Møre og Romsdal fylkeskommune for samarbeidet så langt.

Har bygd kunnskap

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe sa i sin tale at bygginga av kunnskap har skjedd i takt med bygginga av Noreg. Han nemnte Universitet i Oslo som kom i 1811, Landbrukshøgskolen på Ås i 1859, NTH i Trondheim i 1910 og Universitetet i Bergen i 1946.

- Kunnskap har den fantastiske eigenskapen at det blir bare meir og meir av han, jo meir du deler av han. Då bygger du kompetanse, framtida og moglegheit til utvikling.

- Men ikkje berre har utdanningsinstitusjonane våre bore nasjonsutviklinga på sine skuldrer, men dei har óg vore uhyre viktige motorar for regional, nasjonal og lokal utvikling, sa ministeren, og nemnte NTNU si betyding for Trondheim.

- Det er det håp om at man no får til i Kristiansund. Eg trur nesten ikkje det er mogleg å overdrive betydinga av det man allereie har fått til, og det potensialet som man skaper med byggetrinn ein, og det lokale engasjementet. Ordføraren har heilt rett; det hadde ikkje skjedd utan at man hadde stått på frå kommunen, Høgskolen i Molde, Møre og Romsdal fylkeskommune og frå Dronning Mauds Minne Høgskole for Barnehagelærerutdanning. Eg trur potensialet framover er veldig stort, sa Borten Moe, som ønska lykke til med prosjektet.

- Viktig milepæl

Også for Devoldholmen Utvikling AS sin daglige leiar, Kristin Haug Lund, var dette ein milepæl:

- Endeleg skal det skje noko fysisk her. Endeleg startar ei etterspurt og lenge planlagd riving. No kan vi reie grunnen for eit flunkande nytt og framtidsretta campus i sentrum av Kristiansund. Vi har jobba lenge mot denne viktige milepælen, og det har vi gjort saman med viktige og avgjerande samarbeidspartnarar i prosjektet. Vi har hatt eit godt samarbeid med Kristiansund kommune, vi har starta eit godt samarbeid med leietakarane som skal ha tilhold i campus; takk til Høgskolen i Molde og Neas for gode prosessar så langt. Og sist men ikkje minst, samarbeidet med Møre og Romsdal fylkeskommune. Det har vore heilt avgjerande for Campus Kristiansund, og med ein svært engasjert fylkeskommunedirektør i spissen. Utan dykk alle har vi ikkje stått her i dag og markert byggestarten for Campus Kristiansund, sa Haug Lund.

Skal stå ferdig i 2024

Campus Kristiansund (CKSU) vil innehalde høgskoletilbod, fagskole, kompetanseklinikk for den offentlege tannhelsetenesta, vekstmiljø for næringslivet og forskingsmiljø. CKSU skal stå ferdig i 2024.

Campus Kristiansund er eit samarbeid mellom Høgskolen i Molde, Kristiansund og Nordmøre Næringsforum, Kristiansund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. Desse aktørane eig Høgskolesenteret i Kristiansund, som vil bli erstatta av CKSU.

Snarvegar

Kontakt