Høgt investeringsnivå og omstilling av drifta dei neste åra

Det er ein krevjande økonomiplan fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik legg fram til politisk behandling. Frå staten får vi nye oppgåver knytt til regionreforma. Samstundes må driftsnivået reduserast for å få ein økonomi i balanse.

Skriv ut

-Årets framlegg til Økonomiplan tek opp i seg både eit utviklings- og eit omstillingsperspektiv, seier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik. Fylkestinget har vedtatt fleire store prosjekt, og i denne økonomiplanperioden skal vi investere for i overkant av 7,4 milliardar kroner. 

Investerer stort på samferdsel 

I 2020 er det foreslått investeringar på 2,5 milliardar kroner, i hovudsak knytt til samferdselsområdet med Nordøyvegen og rassikring av fylkesveg Korsmyra – Indreeide som dei største enkeltinvesteringane. 
På utdanningsområdet legg ein i økonomiplanperioden opp til å realisere bygging av Ørsta vidaregåande skole, bygg av praksislokale for marine fag ved Fræna vidaregåande skole, Spjelkavik arena, TPO-base (tilpassa opplæring) ved Volda vidaregåande skole og å fullføre byggetrinn 1 ved Fagerlia vidaregåande skole. 
Innan tannhelse er Distriktstannklinikken på Hareid, Distriktstannklinikken på Åndalsnes og bygging av kompetanseklinikkar i Ørsta og Kristiansund blant dei prioriterte investeringane i perioden.
Fylkeskommunen har i tillegg forplikta seg til å gå inn med tilskot på 150 mill. kroner til nytt Operahus i Kristiansund, dette ligg også inne i investeringsplanen.     

Omstilling av driftsnivået

I framlegget til økonomiplan for 2020-2023 legg fylkesrådmannen opp til eit driftsbudsjett for 2020 på i overkant av 4 milliardar kroner. 
-Møre og Romsdal fylkeskommune har i 2019 gjennomført første del av prosjektet «Omstilling av organisasjonen mot 2020». Prosjektet har som formål å tilpasse fylkeskommunen sin tenesteproduksjon og rolla som utviklingsaktør til dei økonomiske rammeendringane vi står overfor, og nye oppgåver som følge av m.a. regionreforma. Det er viktig at vi har eit avklart ambisjonsnivå for tenestetilbodet og rolla som samfunnsutviklar, seier Guttelvik. I økonomiplanframlegget legg fylkesrådmannen opp til ein reduksjon i driftsnivået med 121 millionar kroner frå 2020. Dette er gjort med bakgrunn i kartlegging og analysar av fylkeskommunen si verksemd. Forslaga til endringar som fylkesrådmannen legg fram bygger på dette kunnskapsgrunnlaget.  
- Omstilling tek tid, og i dette arbeidet må vi ha eit langsiktig perspektiv. Vi klarar ikkje å redusere drifta til eit berekraftig nivå på berre eitt år. Nokre gevinstar kan hentas ut på kort sikt, medan andre krev arbeid over fleire år før dei kan realiserast. Omstilling vil på enkelte områder krevje investeringar, for å hente ut gevinstar på eit seinare tidspunkt. Satsing på omstilling og utvikling av organisasjonen vil bli krevjande i komande økonomiplanperiode, erkjenner Guttelvik. -Slik eg ser det, skal vi klare å gjennomføre viktige endringar og lage oss handlingsrom, slik at vi fortsett å vere ein samfunnsutviklar og tenesteleverandør å rekne med i åra som kjem, seier Guttelvik. 

Økonomiske utfordringar

Dei største økonomiske utfordringane framover er på samferdselssektoren. –Vi har mellom anna eit aukande vedlikehaldsetterslep på fylkesvegane, manglande statleg dekning av auka ferjekostnader som følge av overgang til miljøteknologi, omfattande behov for investeringar i ferjekaier som følge av overgang til miljøferjer, krav til gjennomføring av store investeringar i sikring av tunnelar, utan at staten bidreg med meir midlar og utbygging av Nordøyvegen. I tillegg til dette har vi eit omfattande vedlikehaldsetterslep og behov for investeringar i skolebygg, seier Guttelvik.
 
-Alt i alt så legg vi no fram ein økonomiplan som både inneheld store investeringar, men også nadusynte driftsreduksjonar for å få økonomien i balanse, avsluttar Guttelvik

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.