Høyring: Kva tilbod skal startast opp i vidaregåande opplæring?

Fylkesstrategi for tilbod i vidaregåande opplæring 2023-2026 er sendt ut til høyring.

Skriv ut

Fylkesstrategien er kompetanse- og næringsdirektøren sitt forslag til kva utdanningsprogram dei vidaregåande skolane skal tilby i fylket. Den er ei anbefaling om kva linjer som skal starte opp.

Forslaget er basert på tidlegare strategi og søkartalet for skoleåret 22/23 – og følger krava som er vedtatt i utdannings og kompetanseutvalet (UDK) om kapasitetsutnytting, nye tilbod og ressursar til særskilte tilbod.

I dimensjoneringa av det det vidaregåande tilbodet til Møre og Romsdal fylkeskommune, er det tatt omsyn til

  • elevtalet
  • kapasitet på skolane og skolane sine forslag
  • næringslivet sitt behov for kompetanse

Strategien inneheld vurderingar kring elevtal, ei oversikt over kva som er grunnlaget for strategien og oversikt over utdanningsprogramma som kompetanse- og næringsdirektøren foreslår, og forslag frå skolar og næringslivet.

Frist for å gi tilbakemeldingar er 16. september. 

Snarvegar

Kontakt