Hovudutvala har møte denne veka

Denne veka er det møte i kultur-, næring- og folkehelseutvalet, samferdselsutvalet og utdannings- og kompetanseutvalet. 

Skriv ut

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet 2.-3. mai

Utvalet har fleire bedriftsbesøk og presentasjonar 2. mai. Dag to startar med vandring langs Kavlvegen i Surnadal og presentasjonar. Behandling av sakene startar kl. 12.00

Tid: 2.-3. mai kl. 12.00
Stad: kommunestyresalen, Surnadal kommune

Du finn sakspapira og fullstendig program på mrfylke.no/politikk

Samferdselsutvalet 3.- 4 mai

Utvalet startar med befaring på ulike samferdselsprosjekt  i kommunane Sunndal og Tingvoll. Behandling av saker startar kl. 16.15 i Kristiansund. Dag to skal utvalet få orienteringar ved fylkeshuset i Kristiansund (F13). 

Tid: 3.-4. mai kl. 16.15 
Stad: Thon Hotel Kristiansund

Du finn sakspapira og fullstendig program på mrfylke.no/politikk

Utdannings- og kompetanseutvalet 5. mai

Utvalet skal behandle fylkesstrategi for kvalitet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2022-2026, høyringsutkast - Fylkesstrategi for attraktive byar og tettstader 2023 - 2026 og orientering om arbeidet med Fylkesstrategi for miljø, klima og energi.

Tid: 5. mai kl. 10.30
Stad: Haram vgs

Du finn sakspapira og fullstendig program på mrfylke.no/politikk

Kontakt