Hundre år sidan dei første husa i Noreg vart freda, blant desse våningshuset på Vorpeneset i Molde
For hundre år sidan, på dagen i dag, vart hus på 208 stadar i Norge freda. Blant desse var to bygningar i Møre og Romsdal, hovedbygningen på Vorpeneset gard ved Eidsvåg og ei røykstue på Hammervoll. Då herredstyret i Nesset hadde saka på høyring, hadde ikkje «vesentlig å bemærke».
- Vi vil markere denne dagen, og takke alle dei som har tatt vare på desse husa. Dette gjer at vi som samfunn har kjelder til kunnskap om fortida, med bygningar som stadfester minner om personar, hendingar og levekår tilbake i tid, seier Hilde Arna Tokle Yri, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Denne første fredningsdagen vart hus på 208 stadar i Norge freda etter den nye lova om bygningsfredning som kom i 1920. Mange av bygningane var bustadshus på landbrukseigedomar på landsbygda, slik som Vorpeneset ved Eidsvågen, ein gard som ligg høgt oppe i lia på sørsida av Langfjorden. I tunet sto det fleire bygningar, men dei fleste fredingane omfatta berre ein hovudbygning eller eit anna særleg gammalt hus, som stabbur eller røykstover.
Det var Kyrkje- og undervisningsdepartementet som vedtok fredingane, og dei hadde fått ei innstilling frå den Antikvariske bygningsnemda der riksantikvar Harry Fett sat som leiar. Herredstyret i Nesset hadde fått saka på høyring og hadde ikkje «vesentlig å bemærke» til at «hovedbygningen» på Vorpneset og «røkstue» på Hammervoll vart freda.
Kvifor vart Vorpeneset freda?
Den antikvariske bygningsnemnda leverte ei innberetning der dei omtala Vorpeneset. Her la dei vekt på at huset var bygd i samsvar med tradisjonell byggeskikk. Dei antyda at bygget var frå tidleg 1700-talet, ettersom ei taksperre hadde hogge inn årstalet 1730.
Dei peika også på at huset var endra ein del, men det nye var i «stilfuld empire, for eksempel «hovedindgangsdøren og nogen trefyldingsdører med ovale, riflede felter i speilerne.» Til sist var de opptatt av at garden hadde vore sjefsgard og i familien Schnitlers eige i fire generasjonar.
Alderen var viktig. Lova slo fast at bygningane måtte vere over 100 år for å kunne bli freda, og at dei måtte ha ein særleg kunst eller arkitektonisk verdi. Dermed var det godt at endringane som var gjort på Vorpeneset var etter klassisistiske stilideal, og ikkje etter tidas mote. Ein kunne fråvike alderskriteriet i særlege høve ifølgje lova, og likeeins kunne bygningar som hadde mykje å seie for lokalsoga fredast.
Opphaveleg var garden ein del av Nesset prestegard, men seinare vart den skilt ut og kom i Schultz-familien si eige. Slekta hadde kome frå Tyskland via København, og på 1700-talet etablerte dei seg i Nesset. Lorentz var sokneprest på prestegarden, og broren Hans Peter var «holzførster i Romsdal», ein embetsmann i det statlege skogvesenet. Hans Peter var den første som vart sjølveigar på Vorpeneset i 1763. Seinare overtok fleire generasjonar, mellom andre Peter Schnitler, utdanna militær og som var kaptein ved Eresfjords kompani.
Kvifor berre to bygg i Møre og Romsdal?
Det er ikkje godt å seie kvifor det berre var to bygg i Møre og Romsdal som vart freda denne dagen. Men det kan hende det berre var heradsstyret i Nesset som hadde klar si uttale på dette tidspunktet. Seinare same år, den 6. juni, vart den store fredingsdagen. I denne runden vart bygningar på 19 stadar i heile fylket freda og den 27. februar 1924 32 bygningar til. Så tok det lang tid før fleire hus vart freda.
Husa igjennom 100 år
Røykstua på Hammervoll vart flytta på Romsdalsmuseet få år etter at den vart freda. Fredinga vart oppheva og huset tatt vare på i museal regi.
Vorpeneset fekk ny eigar i 1926, tre år etter at det vart freda. Eigaren ønskte å rive huset og det sto til forfall i lang tid. Etter at ei stifting overtok huset mot slutten av 1970-talet, vart huset satt i stand i samarbeid med fylkeskonservatoren. I dag er det Olbjørn Kvernberg som eig Vorpeneset. Han seier at bestemor hans vaks opp der og at han er stolt av å ha vore med å ta vare på huset.
Freding i dag
I dag er det Riksantikvaren som fattar vedtak om freding.
Fylkeskommunen følger opp eigarane av freda bygningar, er mynde som gjer tilskot og løyvingar til å sette i stand bygningane ut over vanleg vedlikehald og vidare utvikling av de freda husa.