Hurtigbåtane kan bli utsleppsfrie

Hurtigbåtsambanda i Møre og Romsdal kan bli utsleppsfrie frå 2025, men driftskostnadane vil auke samanlikna med dagens drift med marin diesel. Det kan også innebere at eitt av sambanda blir delt i to.

Skriv ut

Det er konklusjonen frå eit forprosjekt Møre og Romsdal fylkeskommune har gjennomført med Klimasats-støtte frå Miljødirektoratet. Konsulentar frå LMG Marin, SINTEF og Thema står ansvarlege for dei faglege utredningane som er gjort i rapporten.

Møre og Romsdal fylkeskommune har frå neste anbodsperiode driftsansvaret for to hurtigbåtsamband internt i fylket: Langevågsruta (Langevåg-Ålesund) og Hareidruta (Hareid-Valderøya-Ålesund). Anbodsprosessen for Kystekspressen mellom Kristiansund og Trondheim blir styrt av Trøndelag fylkeskommune.

Tilrår elektrifisering

Forprosjektet konkluderer med at Langevåg-Ålesund er godt egna for elektrisk drift med dagens rutetilbod. Om rutetilbodet på Hareidruta skal vidareførast som i dag, vil det krevje hydrogendrift. Det føreset tilgang på komprimert hydrogen frå lokal småskalaproduksjon eller tilgjengelegheit på flytande hydrogen frå eit eksternt storskalaanlegg. Hydrogendrift vil også vere dyrare og medføre ein meir omfattande sikkerheitsverifikasjon enn elektrisk framdrift då batteriteknologien er relativt moden, har høg energieffektivitet og baserer seg på ei rimeleg og lett tilgjengeleg energiform.

- På bakgrunn av dette valte vi å jobbe vidare med mogelege løysingar for heilelektrifisering av begge rutene. Ein konsekvens av dette er at vi i arbeidet vidare måtte ta utgangspunkt i å splitte Hareidruta i to samband, seier prosjektleiar Marte Berild Hjelle i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Dagens to samband vil då kunne driftast batterielektrisk slik:

· Langevåg-Ålesund med halvtimesfrekvens

· Hareid-Ålesund med timesfrekvens

· Valderøy-Ålesund med halvtimesfrekvens

Auka kostnadar

I forprosjektrapporten blir dei forventa totalkostnadane for nullutleppsløysinga skissert og samanlikna med konvensjonell drift med marin diesel. Utrekningane som er gjort viser at ei omlegging til nullutslepp vil gi ei årleg kostnadsauke på mellom 7,7 og 10,7 mill. kroner over ein anbodsperiode på 10 år.

- Inkludert i dette er investeringskostnadar på fartøy, ladeløysing på kaiene og tilknyting til straumnettet, og driftskostnadar på drivstoff, vedlikehald og nettleige. I tillegg kjem kostnadar for å få fram nødvendig straumforsyning, utviding/tilpassing av kaiene. Erfaringa vår frå ferjesambanda er at desse kostnadane kan bli svært store. I mangel på realiserte løysingar å samanlikne med vil også alle estimat være usikre, noko som sannsynlegvis inneberer at den årlege kostnadsauken vil bli langt høgare enn anslått, fortel Hjelle.

Nødvendig med meir utvikling

Kontrakten på drift av Langevågruta og Hareidruta går til 31. desember 2024 med opsjon på ytterlegare to (1+1) år. I Klimaplan 2021-2030 varslar regjeringa at dei vil innføre låg- og nullutsleppskriterium i nye anbod for hurtigbåtar der det ligg til rette for det i løpet av 2025.

- Det vil vere naudsynt med meir teknologisk utvikling og verifisering av ulike løysingar på utsleppsfrie hurtigbåtar før nullutsleppsruter kan realiserast på ein økonomisk forsvarleg måte. Men sluttrapporten i forprosjektet «Utsleppsfritt hurtigbåtanbod i Møre og Romsdal» gir oss nyttig kunnskap om moglegheitsrommet på vegen vidare mot eit hurtigbåtanbod utan klimagassutslepp i fylket, seier prosjektleiaren i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Samferdselsutvalget får orientering om forprosjektet i sitt møte 9. juni. Sjå heile prosjektrapporten her

Kontakt