Ikkje mogleg med hydrogenferje på Hjørundfjorden no

Møre og Romsdal fylkeskommune har i konkurranseutsetting av ferjedrifta på Sunnmøre, opna for moglegheita til å pilotere ei hydrogenferje på Hjørundfjorden. Ein av grunnane er at Fiskerstrand har fått statleg støtte gjennom Pilot E-programmet.  

Skriv ut

Støtta er gjeve til å utvikle ei slik ferje, som då kunne bli brukt på samband i Hjørundfjorden.  Pilot E-programmet er eit finansieringstilbud til norsk næringsliv for heilt nye produkt og tenester innan miljøvennleg energiteknologi, etablert av Norges Forskningsråd, Innovasjon Norge og Enova. 

Manglar midlar til finansiering 

- Med bakgrunn i fylkeskommunen sin økonomiske situasjon, har vi ikkje midlar til å medverke i finansieringa av ombygging av det aktuelle ferjemateriellet. Det er derfor ikkje mogleg for fylkeskommunen  å realisere ei pilotferje drevet av hydrogen no, seier driftssjef i FRAM, Jesper Wiig.  

Pilot E-prosjektet held fram  

Fiskerstrand vil likevel, med støtte frå det offentlege verkemiddelapparatet, gå vidare med Pilot E-prosjektet. -Sjølv om det ikkje er mogleg å få til ferjepiloten på Hjørundfjorden no, er det tre andre konkrete prosjekt kor realisering av hydrogen som energiberar er veldig aktuelt. Det er gledeleg at også desse prosjekta er av lokal og nasjonal karakter, seier konsernsjef Rolf Fiskerstrand i Fiskerstrand Holding. 

-Fiskerstrand Verft er eit tradisjonsrikt og innovativt lokalt verft som vil lykkast med utvikling av hydrogen som energiberar innanfor det maritime segmentet. Det er svert positivt at arbeidet med Pilot E-prosjektet held fram sjølv om det på det noverande tidspunkt ikkje blir realisert ei hydrogenferje på i eit fylkesvegsamband, seier Wiig.  

Kontakt