Informasjon til elevar og føresette om undervisningsevalueringa 2019-2020
Det er politisk vedteke at vidaregåande skolar i Møre og Romsdal skal gjennomføre ei undervisningsevaluering kvart skoleår. Målet med evalueringa er at ho skal vere eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa i fylket. Resultata vil brukast i utviklingsarbeid mellom lærar og undervisningsgrupper, og mellom lærar og avdelingsleiar. Rambøll Management Consulting hjelper fylkeskommunen i design, gjennomføring og rapportering av evalueringa.
Evalueringa gjennomførast som ei elektronisk spørjeundersøking som elevane skal gjennomføre i skoletida. Det er frivillig for elevane å svare på undersøkinga, men vi oppmodar alle elevar til å delta. Svara behandlast konfidensielt, og ingen vil kunne identifisere enkeltsvar. Det vil berre bli utarbeidd rapportar for grupper med 5 eller fleire svar.
Elevane skal evaluere undervisninga til lærarar. Den enkelte elev skal svare på evalueringa éin eller fleire gongar. Talet avheng av kor mange av eleven sine undervisningsgrupper som blir valde ut til å evaluere. Det er også mogleg at ein elev ikkje skal evaluere nokre grupper. Det er skoleadministrator som har bestemt kva grupper som skal evaluere.
Spørsmåla er like for alle fag/undervisningsgrupper. Spørjeskjemaet er utvikla i samarbeid mellom Rambøll og Møre og Romsdal fylkeskommune. Skolane, lærarorganisasjonane og elevombod har hatt moglegheit til å kome med innspel gjennom høyring. Skjemaet inneheld spørsmål fordelt på fem tema:
- Eleven si meistring og motivasjon
- Vurderingspraksis
- Støtte frå lærar
- Læringsmiljøet i gruppa
- Faglege utfordringar og forventningar
Om de har spørsmål til undersøkinga, kan de kontakte Møre og Romsdal fylkeskommune ved rådgivar Monica Solheim, eller rådgivar Ann-Christin Hoel Lervik.