Inga generell endring i takstane for buss og hurtigbåt frå 1. januar

Det blir inga generell endring i takstane for å reise kollektivt med buss og hurtigbåt frå 1. januar 2020. For reiser med bussen på ferje, vil ferjebilletten auke med 0-6 kroner.

Skriv ut

FRAM Ung

Frå 1. januar 2020 blir også ordninga med FRAM Ung (periodebillett for unge) utvida, og vil gjelde opp til fylte 25 år. Prisen for FRAM Ung vil vere 500 kroner.

Ungdom og unge voksne kan bruke denne billetten til å reise uavgrensa med bussane, hurtigbåtane og ferjene i Møre og Romsdal. Billetten gjeld for 30 dagar.

Snarvegar

Kontakt