Innbyggarar kan no søke om pendlarbevis

Er du pendlar på ferjestrekninga Eidsdal-Linge, kan du no søke om pendlarbevis og få fortrinnsrett på ferja.

Skriv ut

Fortrinnsrett for pendlarar gjeld i perioden 1. juni til 31. august. Sluttidspunktet kan bli vurdert basert på trafikkutviklinga.

Samferdselsutvalet vedtok i mars 2019 ei ordning med fortrinnsrett for innbyggarar som pendlar, og bedrifter i Fjord kommune som reiser regelmessig med ferja Eidsdal-Linge. Bakgrunnen for ordninga er at det er svært stor trafikk om sommaren. For pendlarar som bur i området, fører den store turisttrafikken om sommaren ofte til forseinkingar i kvardagen. Fortrinnsrett for lokalbefolkninga gjer dette problemet mindre.

Trafikantane som inngår i ordninga skal bruke anvist område til høgre for dei ordinære oppstillingsfelta på ferjekaia. Det er reservert fire plassar til pendlarar på kvar ferjeavgang.

På ferjesambandet Eidsdal-Linge har lokalbefolkninga også tidlegare hatt fortrinnsrett; frå 2006 til 2012.

Søknadar om pendlarbevis skal sendes inn til Fjord kommune, og det er kommunen som gir ut reisebevis etter søknad.

Samferdselsutvalet har bedt FRAM sjå nærare på korleis plassbestilling på rute 32 Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona kan gjennomførast frå sommaren 2022 og korleis ruteplanen kan justerast og auke kapasiteten mellom Småge og Finnøy frå sommaren 2023.

Snarvegar

Kontakt