Internship-kandidatar på første samling

Ei gruppe med unge menneske med masterutdanning, som brenn for ei berekraftig utvikling, har no kome i gang med månadlege arbeidssamlingar på Campus Kristiansund. Deltakarane kjem frå åtte land og tre kontinent, Programmet skal bidra til meir kompetanse om bærekraftig utvikling i verda og samstundes gi verdifull kunnskap tilbake til vår eigen region.

Skriv ut

På det første pilotkullet er det ni unge profesjonelle med masterutdanning, frå åtte land og tre kontinent, og som brenn for ei berekraftig utvikling, har no kome i gang med United Cities Internship Program på Campus Kristiansund.

Samlingar og workshop

Målet med programmet er å utvikle profesjonell kompetanse som trengs for å arbeide med et mangfold av interessenter og bli effektive «changemakers» for berekraft. Deltakerne vil delta på månadlege samlingar og workshops parallelt med at dei opparbeider praktisk erfaring frå privat sektor, organisasjonar og lokale myndigheiter gjennom å vere med på på korte og langvarige prosjekt for berekraftig utvikling. De første fem vekene av programmet gir ei innføring i alt frå tillitsbygging i utviklingsarbeid til arbeid med data, KPI-ar, simulering og finansieringsmodellar for berekraftig utvikling.

Roland Mauseth, prosjektleiar for Campus Kristiansund, peikar på at Campus forventar at tiltaket bidrar til å styrke kompetansen på berekraftig utvikling i offentlege og private verksemder, og han vonar at fleire verksemder, små og store, gjer som SpareBank1 Nordmøre og NEAS og blir med på laget økonomisk og fagleg.

Privat og offentleg

Internship-kandidatane vil arbeide med ulike bærekraftsprosjekter, både i det private og det offentlige. Et mål er å initiere bærekraftsprosjekt og utvikle skreddersydde bærekraftsløysingar for bedrifter, lokalsamfunn, industri og lokale myndigheter i Møre og Romsdal. 

Internship-programmet er et samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Kristiansund kommune og United Cities. Den felles satsinga i Kristiansund har sitt utspring i fylkeskommunen sitt prosjekt Berekraftsfylket, som er ein pådrivar for arbeidet med berekraft i alle kommunane i fylket. Kristiansund kommune er blant pionerane i kartlegging av kommunen si berekraft og bruke erfaringane til å vidareutvikle eigne styringssystem. Dette har lagt grunnlaget for denne internasjonale satsinga for ei betre framtid.

 

Snarvegar

Kontakt